Kong Harald V 1937 – 2026
- Det er med djup sorg vi har fått bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at kongehuset fredag morgon meldte at Kong Harald sovna stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august, klokka 06.35.
Hans Majestet Kong Harald V
Det Kongelege Hoff
Øygarden kommune flaggar på halv stong ved rådhuset på Straume og kommunedelsentera i Skogsskiftet og på Rong. Det vert også flagga på halv stong ved andre kommunale bygg.
Ordførar Tom Georg Indrevik seier at dette var ein svært trist bodskap som gjer sterkt inntrykk. Øygarden vil gje uttrykk for djup medkjensle etter at Kong Harald er gått bort.
- Kong Harald har vore ein svært samlande konge for Norge. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» og vore ein konge som har leia nasjonen gjennom gode og krevjande dagar på ein framifrå måte. No står vi skulder ved skulder og sørgjer saman med kongehuset etter tapet av ein folkekjær konge, seier ordføraren.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om kondolanseprotokoll og markeringar knytt til at Kong Harald er død. Det gjeld mellom anna open kyrkje.
Publisert 28.08.2026 13.27