Klart for Mobilitetsveka 2026: Grøne reiser heile livet

Onsdag 16. september opnar Mobilitetsveka 2026.Temaet for i år er «Grøne reiser heile livet». Det handlar om at alle skal kunne koma seg trygt og enkelt fram, uansett alder og livsfase.

Det vert sykkelshow ved Spildepollen skule og Toftøy skule - Klikk for stort bileteDet vert sykkelshow ved Spildepollen skule og Toftøy skule Tobias Sjåfjell

Mobilitetsveka er ei årleg feiring av miljøvennlege transportformer, og har program 16.–22. september i alle Miljøløftet-kommunane, Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden. 

Det blir sykkelshow og sykkelservice gjennom heile veka, og morgonutdelingar av smoothie til gåande, syklande og kollektivreisande. Mange av arrangementa vert skulearrangement. 

– Vi håpar å inspirera barn og unge til å ta sykkelen i bruk i kvardagen, seier Kari Gåsemyr, sekretariatsleiar i Miljøløftet. Reisevanar blir forma tidleg, og om barna vert meir aktive sjølve, blir kanskje også foreldra mindre avhengig av å køyra dei til skule eller trening.  

Ei endring i reisevanar trengs: Ifølgje Statistisk sentralbyrå vert vi rundt 40 000 fleire innbyggarar i bergensområdet i 2050. Med eit snitt på 2,5 reiser per person for dagen, utgjer det 100 000 fleire reiser kvar dag. Om desse reisene vert tekne med bil, betyr det endå meir kø, støy og utslepp. Derfor arbeider Miljøløftet for at fleire skal velja sykkel, gange og kollektiv, gjennom heile livet. 

Sykkelshow og skulebesøk 

Mobilitetsveka startar 16. september i Øygarden. Det blir sykkelservice og sykkelshow med trialsyklistane i MOOW, på Spildepollen skule kl. 11 og på Toftøy skule kl. 12. 

Bilfri dag

Laurdag 19. september frå 11.30 til 15.00 vert det Bilfri dag i Bergen sentrum. Vaskerelven, Engen, Veiten og Øvre Ole Bulls plass blir stengt for bilar, men fylt av aktivitetar og liv. Cirkus Balance har gatesirkus, det vert konsert med KaPling!, sykkelshow med MOOW på Torgallmenningen, fektekurs for barn med Den Nationale Scene, gratis sykkelservice og mykje meir. 

Om europeisk mobilitetsveke

Mobilitetsveka vert arrangert kvart år frå 16. – 22. september over heile Europa. Målet er å synleggjera korleis du kan reisa meir miljøvennleg, samtidig som du dekkjer transportbehovet ditt. I 2025 deltok over 2700 byar og tettstadar i 46 land. Mobilitetsveka er dermed Europas største kampanje for miljøvennleg transport.