Klare for dansekampInstruktør Jannike Midttveit får alle deltakarane med på dansen. Humøret er på topp.
- Eg er god til å dansa, særleg hiphop. Som danselærar er Jannike kul, flink og pen, seier Ruben Ekren.
Det var altså den 14. oktober at dei danseglade deltakarane viste seg fram på dansekampen på Veigalgsdagene.
Einingsleiar for menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF), Kristin Straume, seier at det var rundt to-tre hundre personar i salen.
- Det gjekk svært fint, og stemninga var god. Rundt 10 dansegrupper viste seg fram på dansekampen. Blant dommarane var Trude Drevland Kari Engedal. Våre dansarar fekk også ein bestemannspremie, seier ho.
Frå dansekampen 14. oktoberVi er tilbake på treninga måndagskvelden. Tobias Grøndal var ikkje med på dansekampen på Veivalgdagene i fjor. Det angrar han på.
- Då eg såg på dei andre som dansa i fjor, tenkte eg at dette må eg også vera med på. Eg likar å dansa litt forskjellig, seier Tobias som ser fram til å opptre framfor publikum på den 14. oktober.
Møter vener
Ruben Eriksen var med på danseopptrinnet fjor og elskar å vera med på både øving og framføring.
- Her treffer eg vener. Og så likar eg å opptre framfor publikum og utvikla meg vidare, seier han.
TreningFred Gjøsund elskar å dansa både heime og på øvingane på Skjenet.
- Eg høyrer på Vassendgutane og dansar etter musikken rundt på golvet heime. Eg var med på opptrinnet på Veivalgdagene i fjor. Der trefte eg mange nye folk, seier Fred.
- Her får vi bruka kroppen og møta folk frå andre delar av kommunen. Det er gøy med dette vennskapet, seier Gitt Jensen.
Frå venstre; Tobias Grøndal, Ruben Eriksen, Ruben Ekren, Fred Gjøsund, og Gitt Jensen.Glad for støtte
Kristin Straume, seier at dei hadde gode erfaringar med å delta på Veivalgdagene 2024.
- På danseopptrinnet skal deltakarane ha på seg dei plagga dei likar. Vi er svært glade for at vi har fått dette til i år også. Norsk forbund for Utviklingshemmede (NFU) har støtta oss slik at vi kan få leigd inn danselærar, seier ho.
Veivalgdagene er eit årleg arrangementet i Vestland fylke der Veivalg er arrangøer. Veivalgdagene er ei jobb- og utdanningsmesse og ein fagkonferanse over to dagar. Den første kvelden er det dansekamp med fleire hundre publikummarar. Ordførar i Bergen, Marit Warncke stod for den offisielle opninga av dansekampen.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat og Vigleik Brekke