Klara Skoge tykte vel om å få helsa på ordføraren.Ordførar Tom Georg Indrevik hugsar godt forretninga hennar på Sartor Storsenter.
- Alle visste kven Klara var, sa ordføraren.
Sjølv meinte jubilanten at det vart mykje styr for så lite denne dagen. Men akkurat det synspunktet var ho nok åleine om.
Ordføraren gratulerte med dagen og overrekte blomar. Han fekk tydeleg svar på spørsmålet på kva som skal til for å bli 100 år.
- Det har vel eigentleg gått av seg sjølv. Eg har levd eit gudsliv. Eg var 11 år då eg tok i mot Jesus, og han har vore med meg heile tida, var svaret frå Klara som no har 10 barnebarn og 19 oldebarn.
Klara Skoge har 19 oldebarn. Her er 15 av dei.Klara vaks opp på Straume saman med seks andre søsken. I 1950 gifta ho seg med Ivar Skoge og flytta til Skoge. Ho dreiv butikken Klara Skoge AS frå 1978 til ho gav seg for 30 år sidan på midten av 90-talet. Forretninga selde garn, stoff, gardiner og mykje anna.
- Eg likte best å vera på butikken og ta meg av kundane. Eg fekk god hjelp frå andre til å ordna med det økonomiske og alt det der. På 70-talet tok eg kontakt med ordføraren og spurde etter ei tomt som kunne brukast til forretning på Straume. Ordføraren ville tilby ei tomt på Ågotnes, men eg ville ha forretninga her på Straume, seier Klara som saman med gode hjelparar fekk utvikla senteret på Straume frå starten av.
Og slik vart det. I dag er senteret på Straume blant dei største i landet.
Klara SkogeKlara Skoge har vore sterkt engasjert i arbeidet på bedehuset på Møvika, ikkje minst i sundagsskulen. Seinare har ho brukt mykje tid på hjelpearbeid retta mot trengjande i Moldova og Afrika. Mykje av dette har skjedd via TV-kanalen Visjon Norge.
Klara Skoge fekk Kongens fortenstmedalje i sølv i 2011 og frivilligprisen i Fjell i 2013.
Ho trivst godt på Øygarden lokalmedisinske senter.
- Dei har laga det til som ein heim for meg her. Dei er så smilande og greie, seier ho.
Her er eit bilete frå ungdomstida. Biletet er lånt ut av Siren Snekkevik.
Tekst og bilete: Vigleik Brekke