Plan- og miljøutvalet. Arkivfoto.Utvalet var samla til møte på torsdag.
Formålet er å leggja til rette for mjuke trafikantar langs aksen. Plangrepa vil også føra til betre forhold for dei køyrande. Køyrevegen vert utvida til seks og ein halv meter breidde langs det meste av strekninga for å gje betre og tryggare framkome. Breidda på fortauet vert to meter sør for fylkesvegen, og 2,25 meter nord for fylkesvegen med langsgåande sykkelveg på 2,75 meter breidde.
Dagens fylkesveg har varierande breidde frå fem meter i aust til fire meter i vest etter avkøyring til skuleområdet. Eksisterande avkøyrsle og møtelomme vert nytta for å passera motgåande trafikk. Trafikantane opplever strekninga som ein «flaskehals».
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret
Sluttar seg til forslag om ny sjukeheim
Utvalet tilrår, slik kommunedirektøren innstiller, at det vert etablert sjukeheim i Skipsdalen på Straume og at arbeidet vert starta opp snarast mogleg.
PMU rår også til at sjukeheimen vert bygd med 80 plassar med fortrinnsvis ØLMS-standard, og med høve til å utvida med ytterlegare 40 heildøgns omsorgsplassar med døgntilsyn.
Elles vert det tilrådd at kommunedirektøren får fullmakt til å velja den mest formålstenlege. Det vert bede om at det vert lagt fram ei eiga sak i november 2025 med forslag til etablering av 20 + 20 heildøgns omsorgsplassar i 2026 – 2027, og at dette erstattar ombygging av Straume bu- og servicesenter til heildøgns omsorgsplassar.
Det vart fremja to forslag frå Ap og MDG. Det eine handla om å etablera eit nytt kjøkken i sjukeheimen som erstatning for dagens kjøkken på Fjell sjukeheim. Det andre forslaget var at ein må sikra å få utnytta fagressursar frå LMS/legevakt ved situasjonar ved mangelfull fagoppdekking på sjukeheimar. Desse forslaga fekk ikkje fleirtal.
Eit tilleggsforslag frå Anita Vindenes (H) på vegner av Høgre, Sotralista-TVØ og Frp fekk fleirtal. Der heiter det at PMU ber om at alle kostnader knytt til bygging av ny sjukeheim vert tatt med i oppstillinga når saka vert lagt fram for kommunestyret. Det må koma fram kostnadar knytt til infrastruktur, reguleringsplan, tilfluktsrom, storkjøkken, parkeringsplassar, fellesrom for treningsrom, fysio- og ergometri. PMU ber om at kostnadsoversikta vert kvalitetssikra for å sikra ein effektiv og god vidare saksbehandling.
I saka skriv kommunedirektøren at tomta i Skipsdalen også gjev fleire fordelar: betre tekniske rammer, moglegheit for å samla kjøkkenfunksjonar og bevaring av parkeringskapasitet på Straume – noko som også er i tråd med tidlegare politiske vedtak. Ytterlegare kapasitetsauke av parkeringsplassar på Straume er ikkje lagt inn i prosjektet. Det er per no ikkje avklart om ny sjukeheim skal byggast med kjøkken.
Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Legg plan for Vestra Marka ut på høyring
PMU vedtok å leggja detaljregulering for Vestra Marka, Landro, ut til offentleg ettersyn etter at planen er omarbeidd i samsvar med tilrådingane frå kommunedirektøren.
Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for å etablera nytt bustadområde med inntil 74 nye bustadeiningar fordelt på frittliggjande og konsentrerte småhus med infrastruktur og leike- og uteopphaldsareal. I tillegg vert 10 eksisterande einebustader regulerte. Det vert også opna for at det kan etablerast eit sekundærhusvære i kvar av dei 10 eksisterande bustadene i tillegg til hovuddelen.
Arbeider vidare med detaljregulering for Varden
Utvalet slutta seg samrøystes til eit framlegg frå Michael Sangolt (H) på vegner av Høgre, Frp og Sotralista-TVØ om at arbeidet med detaljregulering for Varden skal halda fram.
Kommunedirektøren hadde innstilt på at ein skulle stansa det vidare arbeidet med detaljregulering for Varden og at utarbeidd planmateriell vert teke med som innspel til arbeidet med ny kommuneplan sin arealdel.
Formålet med planen er næringsbygg for verksemd innan kontor, logistikk og teknologi.
Andre saker
- Sluttbehandling - Kommunalteknisk vatn- og avløpsnorm og Overvassnorm
- Høyringsuttale - forslag til endring i plan- og bygningslova - forbod mot
nedbygging av myr - Høyring og offentleg ettersyn - Planprogram for regional plan for areal og
mobilitet i Vestland - Møteplan for 2026
- Klagesak
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.