Kjøp eitt piggdekk, så spanderer Miljøløftet det andre!

Er du klar for å sykla i vinter? I samarbeid med lokale aktørar piggar Miljøløftet opp sykkelen din for vinteren 2025/26.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete Miljøløftet

Frå 22. oktober kan du nytta deg av piggdekkampanjen frå Miljøløftet. Om du kjøper eitt piggdekk, spanderer Miljløftet det andre, inklusive omlegging.

Dette tilbodet gjeld i alle Miljøløftet-kommunane, via fem butikkar i Bergen, men også på Osøyro, på Straume, i Knarvik og på Kleppestø. Kampanjen varer til 1. desember, eller til piggdekklageret er tomt. 

I Øygarden får du ordna med piggdekk hjå Basecamp på Straume, tlf. 403 37 729. 

Les meir på nettsida til Miljøløftet.