Ordførar Tom Georg Indrevik og rektor Solfrid Kleven framfor det oppgraderte leikeområdetDet var rektor Solfrid Kleiven som ønskte dei 212 elevane, barnehagebarn, tilsette og gjester velkomen til festdagen i strålande seinsommarver. Dei som avslutta på sjuande trinn, og er no åttandeklassingar, var inviterte til å spela fotballkamp mot lærarane på den nye flotte fotballbanen.
- Vi har gledd oss stort til dette. Nokre har allereie teke i bruk leikeområdet i sommar. Etter mykje arbeid saman med elevrådet, foreldra og FAU har vi fått no fått dette flotte området. Vi jobbar for at alle skal ha det trygt og godt på skulen, sa rektoren.
Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora til stor jubel.
- Dette er svært positivt for skulekvardagen. Dette er eit løft for heile lokalsamfunnet og vert ein sosial samlingsplass, seier ordføraren.
Fotballbanen ligg like ved leikeapparataGler seg over oppgradert leikeområde
Vi møtte tre elevar frå elevrådet som no gler seg stort over det nye leikeområdet. Dei er nyvalde inn i elevrådet, men dei veit at det gamle elevrådet har vore mykje involvert i planlegginga av leikeområdet.
- Eg likar dissene veldig godt. Det vert meir å gjera i friminutta, og det vert kjekkare å gå på skulen, seier Jenny Printzlau (6. tr.).
Frå venstre; Leonora Printzlau, Saga Kvamme og Leonora BildøyLeonora Bildøy, som går på 5. trinn og er nestleiar i elevrådet, gler seg over at området er vorte mykje finare enn før.
- Fotballbanen er mykje betre, og det er lagt fin asfalt og eit mjukt dekke der leikeapparata er plasserte. Eg likar best dei nye leikeapparata, ikkje minst dissene, seier Leonora.
Saga Kvamme (7 tr.) er leiar i elevrådet.
- Heile området er mykje finare. Før var det helst grått og trist. Fotballbanen er flott. Også eg likar dei nye dissene. Det er kø for å dissa, seier ho.
Elevane gjev uttrykk for at dei trivst godt på skulen.
- Det er ein fin skule med veldig snille lærarar, seier Jenny.
- Men vi får beskjed om vi ikkje følgjer med, minner Leonora om.
Opningsmarkeringa vart avslutta med fotballkampHelsefremjande skule
Denne dagen vart det også markert at Knappskog skule er den tredje barneskulen i Øygarden som kan titulera seg som helsefremjande skule. Ressursgruppa med Linn Jeanette Waagbø, Ida Hjorteset, Jana Ohlarova og Andrine Norevik Hjelmeland var på plass for å overrekkja plakett som synleggjer at skulen har fått status som helsefremjande skule.
Ressursgruppa for helsefremjande skule og helsesjukepleiar på Knappskog skole, Louise Armond og rektor Solfrid Kleiven. Også maskotane Ava og Orberto er med.Ein helsefremjande skule jobbar strukturert og systematisk og lagar ein plan for helse, trivsel og læring. Dette arbeidet inkluderer alle elevane og alle dei tilsette på skulen.
Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snoraOg alle lærarane hadde på seg vestar som viste mottoet for skulen; Læring og trivsel for alle.

Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke