Jubla for nytt uteområde

Det var feststemning på Brattholmen skule då alle elevane og dei tilsette i strålande vårver var med på den offisielle opninga av det nye uteområdet i dag (14. mai).
- Eg er mest glad for den nye ballbingen, seier elevrådsleiar Casper Martinussen Bergesen (6b).

Her klipper ordførar Tom Georg Indrevik snora for å markera at uteområdet er offisielt opna.  - Klikk for stort bileteHer klipper ordførar Tom Georg Indrevik snora for å markera at uteområdet er offisielt opna.

Rektor Ingvill Kvalsnes Blom ønskte alle velkomen til ei feststund på det nye uteområdet med snorklipping og pølse med brød til alle etterpå.

- Dette er ein plass for heile bygda. Det kryr av ungar her når skulen er slutt, sa rektoren.

Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora som vart halden av elevrådsleiar Casper Martinussen Bergesen og nestleiar i elevrådet, Malene Helle.

- Er det nokon som saknar den store dammen på den gamle skuleplassen, spurde ordføraren før han gratulerte med den flotte uteplassen.

- Ja, kom det nølande frå nokre. Reelt er det nok slik at no gler elevane seg stort over eit moderne uteområde med to ballbingar, mange nye leikeapparat og ei eiga hytte/gapahuk på haugen som er særleg kjekk å bruka når det regnar.

Uteområdet - Klikk for stort bilete

- Det er blitt ganske fint. Vi har fått ny stor ballbinge, og dissene er alltid i bruk. Eg har vore fleire gonger i ballbingen, også etter skuletid, seier Casper Martinussen Bergesen som spelar fotball i Sotra Sportsklubb.

Malene Helle gler seg også over det nye uteområdet.

- Eg er mest glad for Soltoppen. Vi sit der inne og pratar. Også lærarane kjem innom og snakkar med oss, seier Malene. Den første tida har 7. trinn fått ein litt eksklusiv rett til å bruka Soltoppen.

Elevrådsleiar Casper Martinussen Bergesen og nestleiar Malene Helle. - Klikk for stort bileteElevrådsleiar Casper Martinussen Bergesen og nestleiar Malene Helle.

- Ta vare på uteplassen

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, sa at dette er eit fantastisk fint anlegg og minna om at elevane ikkje er for store til å leika.

- Ta godt vare på uteplassen og leik masse, oppmoda han.

Frå venstre; kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, ordførar Tom Georg Indrevik og rektor Ingvill Kvalsnes Blom. - Klikk for stort bileteFrå venstre; kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, ordførar Tom Georg Indrevik og rektor Ingvill Kvalsnes Blom.

Prosjektleiar i utførande entreprenør Sartor Drange, Arne Mjøs, takka for godt samarbeid.

- Eg har vore ein del på kontoret til rektor, sa han spøkande og underfundig. 

Prosjektet har hatt ei økonomisk ramme på 17 millionar kroner. Rektor Ingvill Kvalsnes Blom seier at prosjektet er eit samarbeid som også har gjeve ny gang- og sykkelveg ned til kaien. Vegen er løfta opp slik at det er betre å koma seg ut av krysset. 

- Det er også laga til amfi og ekstraareal for parkering av syklar. Det har vore ein slitsam prosess, men vi er svært godt nøgde med resultatet. Dette er eit løft for bygda, seier rektoren. 

Uteområdet - Klikk for stort bilete

Dei tre elevane Nora Elise Tellefsen (6b), Amila Zijadic (3a) og Jenny Røssland (7ab) fekk kvart sitt diplom for teikningar av uteområdet. Teikningane er hengde opp i store format ulike stader på skulen. Klasse 5b ved Nur Adelia Trellevik Rodin Litak fekk premie for å ha vunne konkurransen med namn på hytta/gapahuken på haugen. Og namnet; ja det vart Soltoppen.

Frå venstre; Nora Elise Tellefsen (6b), Amila Zijadic (3a), Nur Adelia Trellevik Rodin Litak og Jenny Røssland (7ab). Nora, Amila og Jenny fekk premie for bilete, medan Nur tok imot premie på vegner av 5b for forslag om namnet Soltoppen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Nora Elise Tellefsen (6b), Amila Zijadic (3a), Nur Adelia Trellevik Rodin Litak og Jenny Røssland (7ab). Nora, Amila og Jenny fekk premie for bilete, medan Nur tok imot premie på vegner av 5b for forslag om namnet Soltoppen.


Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Nora Elise Tellefsen framfor biletet ho har måla. - Klikk for stort bilete
Amila Zijadic framfor biletet ho har måla. - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Jenny Røssland framfor bilete ho har måla. - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete
Frå opninga - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke