- Hjelp ungdomen til optimisme!

- Dei fleste ungdomar avslår tilbod om bruk av narkotika, men det er ikkje noko automatikk i det lenger. Det sa fagleiar for førebygging i politiet, Bergen sør, Øystein Samsonsen, på ein temakveld i kultursalen i Øygarden rådhus torsdag kveld.

Rundt 150 pesonar møtte opp på temasamlinga - Klikk for stort bileteVel 150 pesonar møtte opp på temasamlinga


Det var barne- og familiesjef Monica Johannessen Mørk som ønskte dei vel 150 foreldra til elevar i 7. – 10. klasse velkomen til temakveld. Dette var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Vest politidistrikt og Natteravnene på Straume.

Ordførar Tom Georg Indrevik understreka at vi ikkje kan vedta at folk skal ha det bra.

- Vi treng eit samfunn som bryr seg, og dette må vi gjera saman, sa han.

Øystein Samsonsen tok utgangspunkt i Ung data som viser at ungdom i Øygarden ligg om lag på landsgjennomsnittet, eller litt under, når det gjeld deira oppfatning av foreldra, trivsel på skulen og om dei opplever eit lukkeleg liv.

- Men det er ein del ungdomar som ser litt mørkt på det no. Vi kan hjelpa dei til optimisme, sa han.

Øystein Samsonsen - Klikk for stort bileteØystein Samsonsen

To rustrendar

Han valde ut to rustrendar i innlegget sitt. Det eine er lystgass som har vorte eit større rusmiddel blant ungdom enn tidlegare. Det er 18 år aldersgrense for å kjøpa lysgass. Rusen kan gje akutt mangel på B12 og lamma åndedrettet.

Den andre trenden han viste til er kokainbruken. Denne rusen er mest vanleg blant elevar på vidaregåande (ungdom i denne alderen) og ungdom i 20-årsalderen. 

Denne rusen dominerer der det er slagsmål og vald mot politiet. Kokain er undervurdert av mange unge. Han har ein intens sentralstimulerande effekt og har ei lengd på 15-20 minutt. I løpet av ein kveld tar ein dermed gjerne fleire dosar.

- Dette er ein avhengigheitsskapande rus som fører til aggresjon, risikoåtferd, dehydrering,  overoppheting og er farleg med tanke på hjarte og kar. Spranget frå alkohol og cannabis til kokain er no mykje mindre enn for 15-20 år sidan, sa Samsonsen.

Snitch-kultur

Ein annan trend blant ungdomen no er snitch-kulturen.

- Snitch er ein som sladrar. Ingen vil vera ein som sladrar. Dette fører til ein kultur der ungdomen ikkje vil fortelja noko som helst i redsel for å bli kalla snitch, sa han.

June Dåvøy (til venste) og Jeanette Sævareid er er aktive i Natteravnene - Klikk for stort bileteJune Dåvøy (til venste) og Jeanette Sævareid er er aktive i Natteravnene

Ein av dei som kan stadfesta denne trenden, er Jeanette Sævareid som går som natteravnar i Straume-området.

- Vi merkar snitch-kulturen svært godt. Dei som har mest behov for å snakka med nokon, gjer det gjerne ikkje, seier ho.

Natteravnene går vakt fredagskveldane og laurdagskveldane.

- Vi er mellom tre og ti personar som går kvar kveld. Vi ser at vaksne kjem til byområda og rekrutterer ungdom til narkotikabruk. Vi treng fleire natteravnar, seier Jeanette Sævareid. 

Du kan kontakta Natteravnene på e-post: natteravnene.straume@gmail.com.

Organisert kriminalitet

Torbjørn Mørk og Kristian Rossland frå Seksjon for bekjemping av organisert kriminalitet i Vest politidistrikt snakka om rekruttering av barn og ungdom til vald og kriminalitet på sosiale medium, Caas og Vaas.

Torbjørn Mørk og Kristian Rosvold (bak til venstre - Klikk for stort bileteTorbjørn Mørk og Kristian Rosvold (bak til venstre)

Dette er eit fenomen der truslar og valdshandlingar vert bestilte, kjøpte og selde som ei teneste. Dette vert som regel gjort av kriminelle aktørar og nettverk. Rekrutteringa skjer både digitalt og fysisk, og utøvaren har som regel ikkje eigeninteresse i konflikten som ligg bak.

- Er dette aktuelt for oss her og no i Øygarden. Ja, det er det. Det er lågare nivå på dette i 2026 enn 2025. Men vi treng  fenomenkunnskap, og vi må koma i forkant av valdsutføring – ikkje etterpå. Vi må ikkje verta deprimerte og ikkje naive, konkluderte Torbjørn Mørk.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, oppmoda oss om å vera til stades, stå saman og ta tak tidleg.

- Vi må snakka med ungdomane og ha interesse for liva deira. Vi kan verta kjende med andre foreldre og skapa felles forventningar og trygge rammer Den viktigaste beskyttelsesfaktoren i eit ungdomsliv er tydelege og tilgjengeleg vaksne som bryr seg, sa Marius Sylta.

Her er fleire bilete:

Frå temasamlinga - Klikk for stort bilete
Frå temasamlinga - Klikk for stort bilete
Frå temasamlinga - Klikk for stort bilete
Frå temasamlinga - Klikk for stort bilete
Frå temasamlinga - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke