Her jublar dei for beste utforma stand

Jubelen ville ingen ende ta då vinnarane av dei tre beste standane på Energimessa 2025 vart kåra torsdag kveld. Vinnarane dette året vart Sotra vidaregåande skule, Kolltveit skule og Tjeldstø skule.

Kolltveit elevar som jublar - Klikk for stort bileteJubelen var stor blant Kolltveit-elevane då dei fekk prisen for beste utforma stand.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, var euforisk etter at vinnarane vart ropte opp på scena i eit støynivå som gav sus i øyro til mange av oss.

- Med 22 skular har vi sett ny rekord i deltaking dette året. Her ser vi mange framtidige tilsette i Øygarden, seier ho.

Formålet med energimessa er å styrkja og synleggjera kompetansen til elevane og auka innovasjonen og entreprenørskapen hjå dei unge i regionen. Det skal også bidra til å styrkja samarbeid mellom skulen og næringslivet.

Tjeldstø skule-elevar - Klikk for stort bileteTjeldstø skule fekk prisen for mest publikumsvennlege stand.

Plastforureining

Då vi tok runden for å snakka med elevane var dei ivrige i å fortelja om prosjektarbeida sine. 

Elevane på Landro skule har arbeidd med korleis dei skal handtera plastforureining. Skulen jobbar med eit forskingsprosjekt om havplast saman med Norce, Framtidshavet, Sparebankstiftelsen og Handelens Miljøfond.

Stand - Klikk for stort bileteElevane på Landro skule jobba med korleis vi skal løysa problemet med plastforureining.

I Sørdalen vest for skulen skal det setjast opp ei forskingsbu der elevane skal sortera og kategorisera plastavfallet dei finn i sjøkanten. Dei «verste» og mest omfattande funna er gjort i den såkalla Sprekken.

Mia Risnes (5a) (nummer to frå venstre på biletet) forklarar kva dei har laga til i prosjektet sitt. Ho viser utstillinga og eit plastglas med jord, sand og mikroplast.

- Her ser du fjellet med Sprekken. Vi samlar plasten inn på land, og så har vi laga til ei forskingsbu i sjøkanten. Her vert det sortert, og plasten vert igjen til ny plast til slutt, forklarar ho.

Kåring av beste standar

På scena på Sartor Storsenter har det samla seg hundrevis av spente elevar, lærarar, rektorar og foreldre som ventar på kva skular skal få kvar sine fem tusen kroner i premie for beste standar. 

Tom Georg Indrevik og Anders Ekanger - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik (til venstre) var imponert over det elevane viste fram på energimessa. Til høgre Anders Ekanger

Juryen er forseinka og konferansier Anders Ekanger brukar ventetida til å spørja ordførar Tom Georg Indrevik om korleis han opplevde å gå rundt på energimessa og observera prosjektarbeida til elevane. 

- Vi er inne i «realfagsverda». Det har handla om plastrydding, energi og vindmøller. Her har eg sett mange løysingar på framtida sine utfordringar, sa han. 

Det var utstillinga til Sotra vidaregåande skule som vart kåra som den mest innovative standen med turbin og solceller. Vinnaren her må ha eit realiseringspotensiale, kreativitet, nytte og realisme.

- Prisvinnarane er kunnskapsrike og har utforska teknologi som er svært relevant for den grøne omstillinga. Vi treng meir forsking for å få realisert nok og lønsam energi, uttalar juryen.

Prisen for den beste utforma standen gjekk til Kolltveit skule. Vurderinga er basert på tema, utforming og oppsett og om standen er visuell fin og om han fangar merksemda.

- Prisvinnaren har ein flott utforma stand der dei viser fram sjølvlaga modellar og sjølvdyrka produkt. Dei har god formidlingsevne og formidlar ideane sine på ein truverdig og god måte, seier juryen.

Prisen for den mest publikumsvennlege standen gjekk til Tjeldstø skule. Her er vurderinga basert på i kva grad publikum vert involvert og engasjert. 

- Prisvinnarane har laga ein modell som viser fram eit heilt økosystem med ulike berekraftige funksjonar. Dei er engasjerte og inviterande og formidlar prosjektet på ein engasjerande og sjarmerande måte, heiter det frå juryen.

Energimessa er eit samarbeidsprosjekt mellom Vest Næringsråd, Øygarden kommune, Sotra vidaregåande skule og Sartor Storsenter. Sponsorar er Sparebanken Vest, DNB og Equinor.

Her er fleire bilete:

Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Anders Ekanger, John Ivar Halvorsen (DNB), Camilla Nygård (Sparebanken Vest), Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd) og Kjersti Nordøy (Equinor). - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Frå energimessa - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 Tekst og foto: Vigleik Brekke