- Her er det plass til alle

På Sund aktivitets- og fleirbrukstun (SAFT) i Klokkarvik var ni kvinner og eín mann samla på onsdag til første øving i det nydanna helsekoret i Øygarden.
- Folk har behov for å koma seg ut, og dette er eit flott tilbod, seier ein av dei ni deltakarane, Birgitte Hellesen Berge.

 Helsekor inneber kombinasjon av song og øvingar - Klikk for stort bileteHelsekor inneber kombinasjon av song og øvingar

Øygarden er eín av tre kommunar i landet som har starta opp med helsekor. Dette er eit tilbod retta mot heimebuande eldre frå 60 år. Korøvingane skal vera for både kropp og hovud. Det heile skjer i ein roleg atmosfære med gode pausar og noko å bita i. Det er ikkje krav om songerfaring eller fysisk god form.

Dirigent Vivian Steinsland og pianist Torgeir Børnes starta det heile med Mellom bakkar og berg kombinert med gode øvingar for dei spreke deltakarane. 

- Åshild Eriksen i Øygarden kulturskule er jordmor for dette prosjektet. Her handlar det om godt samhald og at kvar og ein deltakar kjenner seg viktig, seier Vivian Steinsland.

Kultursjef Marian Guddal Hansen (til venstre) var med på den første øvinga. Til høgre; dirigent Vivian Steinsland - Klikk for stort bileteKultursjef Marian Guddal Hansen (til venstre) var med på den første øvinga. Til høgre; dirigent Vivian Steinsland

Glad for eit slikt tilbod i Klokkarvik

Birgitte Hellesen Berge og Ingvill Thormodsen kjem opphavleg frå Bergen og var begge aktive i koret Gospel som Rune Larsen stod i spissen for på 1970-talet. 

Ingvill Thormodsen (til venstre) og Birgitte Hellesen Berge likte det dei fekk vera med på. - Klikk for stort bileteIngvill Thormodsen (til venstre) og Birgitte Hellesen Berge likte det dei fekk vera med på.

No gler dei seg stort over at dei har fått eit flott kortilbod lokalt i Klokkarvik.

- Eg heiar på alt godt frivillig arbeid. Det Tone (Kolsrud Schulstock) har fått til her på SAFT er fantastisk. Det er viktig å halda bygda levande, og vi er glade for at dette tilbodet er kome her i bygda. Den duglege dirigenten og gode pianisten får oss til å slappa av, seier Ingvill Thormodsen som i mange år har arbeidd i klesbransjen.

Den songglade Birgitte Hellesen Berge, som har arbeidd i barnevernet som sosionom, har i tillegg til engasjementet i Gospel, vore med i Sundkoret.

- Dette er eit flott tilbod, og det er godt å møtast ein føremiddag på denne måten. Mange har behov for å koma seg ut. Her er det plass for alle, seier ho.

I pausen fekk deltakarane nydeleg rabarbrapai med krem. - Klikk for stort bileteI pausen fekk deltakarane nydeleg rabarbrapai med krem.

Førebyggjande effekt

Kultursjef Marian Guddal Hansen var ein av deltakarane på den første øvinga.

- Eg heiar på dette. Dette er eit lågterskeltilbod som bidreg til fellesskap og samhald. Når vi er med på dette, gløymer vi gjerne at vi har vondt her og der. Dette har ein viktig førebyggjande effekt, seier kultursjefen.

Frå øvinga - Klikk for stort bilete

Helsedirektoratet har gjeve støtte til dette songprosjektet. Øygarden kommune har gjennomført Syngjande kommune-programmet, og i samarbeid med Krafttak for song, Song i eldreomsorga, Folkeakademiet Vest og SAFT har ein fått på plass eit tilbod om helsekor allereie i haust.

På den første øvinga fekk deltakarane mellom anna vera med på ein omdikta tekst av songen Livet er bra.

    På Klokkarvik året rundt, vi går til SAFT og lever sunt
    og samles til en stund som vi trenger å ha
    Her får vi påfyll, bedre vett, får energi - rett og slett
    alt mas og kav og stress – det har vi nå reist i fra

Her er fleire bilete:

Leiar i SAFT Tone Kolsrud Schulstock - Klikk for stort bilete
Pianist Torgeir Børnes - Klikk for stort bilete
Frå øvinga - Klikk for stort bilete
Frå øvinga - Klikk for stort bilete
Frå øvinga - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Dirigent Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke