Skålevik skule
Øygarden kommune
Undervisninga fram til sommarferien vert tredelt slik han har vore dei fire siste vekene. 1. og 2.trinn får undervisninga på Skålevik skule i personalpaviljongen. 3. og 4. trinn skal halda fram med undervisninga på Ulveset, og 5. til 7. trinn skal gå på Ågotnes skule.
Etter at det i januar kom prøveresultat som viste frie asbestfibrar på Skålevik skule, vart mesteparten av skulen stengd for bruk frå og med 21. januar.
Nye prøvar viser at det også er funne frie fibrar i eit teknisk rom i den gamle delen av bygget. I klasserom, og andre fellesareal er prøvane fine.
Slik situasjonen er no, kan ikkje Skålevik skule gjenopnast utan at det vert gjennomført ei sanering av all asbest i bygget. Personalpaviljongen som i dag er i bruk, kan framleis nyttast, men resten av skulebygninga vil ikkje bli tatt i bruk igjen.
- I praksis vil dette seia at heile den gamle delen av bygget må totalrehabiliterast for å kunna takast i bruk. På bakgrunn av dette har vi konkludert med at mesteparten av skulen vert stengd permanent og at det berre vert gjennomført undervisning for 1. og 2. trinn i personalpaviljongen, seier kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta.
Assisterande kommuneoverlege, Bjørg Møllerløkken, seier at risikoen for å utvikla asbestrelatert sjukdom er svært låg.
- Både den beskjedne mengda fibrar, og tidsperspektivet talar for dette. Dette vert no framover følgd opp vidare i samarbeid med ekstern ekspertise frå spesialisthelsetenesta og bedriftshelsetenesta. Det viktigaste no er at situasjonen vart avdekt, teken på alvor og tiltak sett i gang raskt, seier Møllerløkken.
Marius Sylta seier at i samråd med eigedomsavdelinga, skulane, FAU og dei tillitsvalde vert det arbeidd med å finna ei meir permanent løysing fram til ny skule for området kan stå klar. Eigedom og Oppvekst vil sjå på ulike alternativ for korleis dette kan løysast.
- Det viktigaste for oss er at elevane og dei tilsette får undervisning i trygge og gode rammer, seier han.