Har du hus som kan brukast til øvingsbrenning?
Øygarden brann og redning (ØBR) ønskjer å koma i kontakt med eigarar som har hus som kan nyttast til kontrollert øvingsbrenning.
Ill.fotoAvdelingsleiar i beredskapsavdelinga i ØBR, Daniel Schaufel, seier at det er hus på vestsida av Kolltveittunnelen som er aktuelle nedbrenningsobjekt. Utover det kan objekt frå Toftarøy i sør til Hellesøy i nord nyttast.
- Dei aktuelle objekta må ha godkjent rivingsløyve. Det må også liggja føre ein saneringsplan. Vi kan gje råd om korleis ein kan få dette på plass, seier han.
Kontaktperson ØBR: Per Jimmy Møller; 40 46 89 91, e-post: Per.Moller@oygarden.kommune.no
Publisert 12.08.2026 13.15