Gutar blant bokhyller – ein leseklubb som skapar leselyst og vennskap
I Øygarden deltek ti skular i prosjektet: Gutar blant bokhyller. Målet er enkelt – å skapa leselyst, gjennom å gje gutar ein arena der lesing blir sosialt, spennande og kjekt.
Initiativet til “Gutar blant bokhyller” starta då Skulebibliotek-tenesta søkte støtte frå UDIR, og fekk tildelt midler til å starta prosjektet. Denne hausten vart prosjektet sett i gang, og leseklubben Bokgutta vart fødd. For å synleggjera medlemsskapet i klubben, har gutane fått eigne ID-kort, i tillegg har nokon laga eigne bokgutta-koppar og t-skjorter til stor glede for gutane.
Kvar veke møtest gutane for å lesa, diskutera og delta i aktivitetar som styrkjer samhaldet der målet er auka leselyst. I tillegg til å skapa ein trygg arena der det er lov å vera nysgjerrig, stilla spørsmål og dela tankar om det dei har lese. Når ei bok er ferdig, lagar dei ein felles presentasjon og deler leseopplevinga med andre elevar på skulen.
Tilbakemeldingane frå lærarane er eintydige: Prosjektet har så langt vore svært positivt. Gutane gledar seg til kvar bokgutta-time, og for nokon er dette den kjekkaste timen i veka. Oppdaginga av at dei meistrar å lesa ei heil bok, har for mange vore svært gledeleg. Leselysten er aukande, og fellesskapet har blitt sterkare.
Gutar blant bokhyller viser at lesing ikkje berre handlar om ord på papir – det handlar om å bygga eit lese-fellesskap, styrka sjølvtillit og ha eit rom utan vurdering. Vi håpar suksessen vil fortsetja og at vi etter prosjektet vil sjå at det har gjort ein skilnad på lesemotivasjonen til gutane.
Elevar presenterer bokprosjekt
Trine Torsvik
Kopper med trykk på, "Bokgutta"
Trine Torsvik
Sist endra 11.12.2025 08.44