Gratulerer med sølvmedalje
Fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen gratulerer jenter 14 i Sund Sportsklubb med sølv i Norway Cup i 7ar-klassen like før helga. Johannessen let seg imponera av det store engasjementet frå alle dei deltakande klubbane frå Øygarden i den store turneringa i Oslo.
Jentene jublar for sølvmedaljen.Sund Sportsklubb jenter 14 vart gruppevinnar, og trenar Therese H. Berge meiner at laget deira var best og fortente å vinna gruppa.
- Finalen var jamn, men det vart 1-2 tap for Skidar/Borg frå Skien. Det var mange slitne bein etter ei lang turnering. Nokre av jentene spelte også kampar for J15. Jentene var naturlegvis skuffa då kampen var over, men det vart fort god stemning då dei tok imot sølvpokalen, seier Therese H. Berge.
Det deltok 28 lag frå kommunen. Ifølgje Vestnytt var det lag frå Sotra Sportsklubb, Telavåg, Øygarden idrettslag og Sund Sportsklubb. Totalt 1865 lag deltok i turneringa, og det vart spelt over 4 600 kampar.

Fungerande ordførar Anita Garlid Johanessen seier at det er gjort ein stor innsats av lagleiarar, foreldre og støtteapparat både hjå Sund Sportsklubb og dei andre laga frå Øygarden.
- Eg rettar ei stor takk til alle som har gjort dette mogleg. Som alltid er det viktigast å delta, men det er også kjekt når det endar opp med sølvmedalje, seier ho.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat
Publisert 04.08.2026 09.23