Gode overgangar i opplæringsløpet

Nærare 140 tilsette frå skulane Brattholmen, Foldnes, Hjelteryggen, Knappskog, Kolltveit og Fjell ungdomsskule var samla i kantina på Fjell ungdomsskule tysdag denne veka. 

Frå samlinga på Fjell ungdomsskule - Klikk for stort bileteFrå samlinga på Fjell ungdomsskule

Etter ei felles økt med presentasjon av prosjektet  Gutar blant bokhyller – ein leseklubb som skapar leselyst og vennskap, bokdrypp med gode forslag til bøker som fenger barn og ungdom og « Språkkommunen Øygarden- saman om språk, lesing og skriving», sin presentasjon av seg sjølv, var det gruppearbeid på tvers av skulane. 

Korleis arbeider du med strategiar i forhold til ulike tekstar? Har du eit særskilt fokus på gutane med nokre av tiltaka? Kva forventningar ligg det mellom barneskule og ungdomsskule i overgangen mellom 7. og 8. klasse, var noko av det dei tilsette frå skulane snakka om. 

Også rundt dei tre andre kommunale ungdomsskulane (Sund, Tranevågen og Øygarden) og barneskulane som sender elevar til desse ungdomsskulane, går det føre seg slike gode overgangsmøte.  

Frå samlinga - Klikk for stort bilete

Møtepunkt mellom pedagogar, andre tilsette og leiing frå barneskule og ungdomsskule er viktig. Slik kan ein få kunnskap om kvarandre sin pedagogikk, metodikk og kva forventningar ein har til kvarandre. Kulturmøte blir slike møtepunkt gjerne kalla. 
 

Tekst og foto: Ranveig Bungum, avd.leiar pedagogisk psykologisk ressurssenter