Det vart trongt om plassen då "alle" skulle vera med på opninga av julebyen.Det var einingsleiar Hilde Elin Buene Nilsen som telte ned før eitt av barnehagebarna klipte snora.
Bebuarane gler seg stort over at det er vakkert pynta og at barna frå Blomvåg barnehage varta opp med vakker julesong. Bebuarane var også sjølv med og song julesongar under opninga.
- I tillegg til å spreia juleglede, gjev dette gode sanseopplevingar. Vi samarbeider med dagsenteret om dette. Vårt inntrykk er at både bebuarane og pårørande elskar dette. Firvillige har også bidrege til å få dette til, seier Alyce Levik.
Snorklipping må til.Oskar Emil Hellesund (5) var eitt av barna i barnehagen som song for bebuarane.
- Eg var ikkje sikker på kva dette var for noko, men det var kjekt å koma hit og vera med. Dei har pynta fint. Det var godt med peparkake og klementin, seier Oskar.
Oskar Emil HellesundJohan Wolff og Otto Oen var mellom dei som hadde funne vegen til opninga av julebyen. Dette set dei stor pris på.
- Eg tykkjer det er flott at dei har laga til dette. Eg bur heime, men reiser hit på dagsenteret, seier Johan Wolff.
- Dette var flott. Eg er ofte på samlingane på senteret, seier Otto Oen som bur i omsorgsbustad på Tednebakkane omsorgssenter.
Otto Oen (til venstre) og Johan WolffVaraordførar Anita Garlid Johannessen fekk også oppleva opninga av julebyen på omsorgssenteret.
- Dette er eit flott tiltak som betyr mykje for bebuarane, seier ho.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke