- Gler meg mest over Sotra Arena

Lena Kjelby Flermoen var ein av 23 elevar i dei tre tidlegare kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) som i 2019 presenterte framtidstankane sine om den samanslåtte kommunen, Øygarden.

No har Øygarden har passert fem år, og vi har spurt Lena og tre andre elevar korleis dei opplever den nye kommunen - fem år etter. Er forventningane innfridde og kva tankar har dei for Øygarden kommunen framover.

For fem år sidan gjekk Lena i  4. klasse på Foldnes skule. No går ho i 9. trinn på Fjell ungdomsskule.

På spørsmålet om kva ho er mest nøgd med i Øygarden kommune, er svaret klart og tydeleg; Sotra Arena. Lena spelar handball og når ho samanliknar Sotra Arena med andre hallar ho har besøkt, er det ingen som kan måla seg med hallen på Straume

-  Elles meiner eg kommunen kan bli flinkare til å leggja til rette for sosiale arrangement for ungdom. Det som skal til for at eg skal bu og arbeida i Øygarden i framtida, er at det er det nok arbeidsplassar og ein jobb som passar for meg, seier Lena Kjelby Flermoen.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto/video: Jøran Ingvaldsen/Vegar Moe Nilsen