Gjennomslag i vegtunnel i ArefjordpollenLytt til tekstenStopp avspillingGodt og vel eit halvt år etter at første salve vart avfyrt, ser ein no lys i begge endar av den 650 meter lange tunnelen i Arefjordpollen.Gjennomslaget vart gjort den 12. oktober.Det er tunnelløpet i retning Bergen som i går ettermiddag (12. oktober) fekk gjennomslag. Gjennomslag i motgåande løp er venta innan kort tid. Tunnelen går mellom Valaskiftet, ved ilandføringa av den nye brua på Sotra-sida og Arefjordpollen på Sotra. Tunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning og er den kortaste tunnelen på det nye Sotrasambandet. Med støypte portalar i begge endar vert tunnelen 748 meter lang når han står ferdig. Første salve vart avfyrt 28. mars i år.– Arbeidet med tunnelen har gått veldig bra, og vi er glade for å ha oppnådd gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet. Tunnel-laget i Sotra Link Construction som står for arbeidet, har gjort ein flott jobb, seier prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes.Les meir på nettsida til Sotra Link. Tekst: Vigleik BrekkeFoto: Sotra Link Publisert 13.10.2025 14.48