Gjennomslag i alle gang- og sykkeltunnelane
Denne veka kom gjennomslaget for den siste av dei tre gang- og sykkeltunnelane. På strekninga mellom Storavatnet og Drotningsvik er det sprengt ut til saman 443 meter med tunnelar for gåande og syklande.
Frå gjennomslaget i Kipletunnelen.
Sotra Link
Denne veka fekk prosjektet gjennomslag i Kipletunnelen. Tunnelen er eín av tre gang- og sykkeltunnelar i prosjektet, som alle er ferdig utsprengde.
Dei tre gang- og sykkeltunnelane ligg alle på bergenssida. Arbeidet starta opp i år.
- Kipletunnelen – 167 meter. Arbeidet starta i august, gjennomslag 18. november
- Harafjelltunnelen – 213 meter. Arbeidet starta i januar, gjennomslag 27. juni
- Janahaugtunnelen – 63 meter. Arbeidet starta i mars, gjennomslag 15. mai
Totalt byggjer prosjektet 14 kilometer med samanhengande ny gang- og sykkelveg frå Storavatnet til Bildøyna, som vert ein del av hovudrutenettet for sykkel i Bergen vest. Gang- og sykkelvegen er fem meter brei. Frå Bildøyna til Kolltveit vert gåande og syklande leia via Bildøybakken eller vidare langs Kolltveitvegen.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Publisert 20.11.2025 13.24