Går imot å medfinansiera båtrute

Formannskapet ønskjer ikkje å inngå ein bindande intensjonsavtale med Vestland fylkeskommune om medfinansiering av båtruta Geitanger - Knappskog etter at noverande kontrakt utgår i 2026.

Frå møtet i formannskapet 6. mai. På talastolen Andreas Kallekleiv (H).  - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet 6. mai. På talastolen Andreas Kallekleiv (H).

Formannskapet var samla til møte tysdag.

Tilrådinga vart gjort med 10 røyster. INP fekk si eiga røyst på eit framlegg om å inngå ein avtale om framleis drift av båtruta til Geitanger.

Fylket har endra føresetnadane om ruteproduksjon i ny anbodsrunde for båtruta Geitanger - Knappskog og ønskjer no å vidareføra dagens ruteproduksjon. Fylket ber kommunen ta stilling til vidareføring av medfinansiering og skisserer at dette for kommunen vil utgjera inntil 500 tusen kroner. 

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at drift av båtruta er ei fylkeskommunal oppgåve, og vil med bakgrunn i økonomisk situasjon ikkje tilrå at kommunen inngår ein bindande intensjonsavtale om medfinansiering.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Tilrår eigarseksjonssameige for ny skule

Formannskapet tilrår at det vert oppretta ein eigen seksjon i den nye vidaregåande skulen som Øygarden kommune skal eiga på Straume. Det skal arbeidast vidare med ein sameigemodell, som Åsane vidaregåande skule. 

I tilrådinga heiter det vidare at kommunen kan selja dei første områda på Straume nord i eigenregi. Kommunedirektøren kjem tilbake med forslag til delområde som skal seljast og korleis dette skal seljast i sak hausten 2025/våren 2026.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Meirforbruk

Formannskapet tilrår å ta kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025 til etterretning. Det vert tilrådd at kommunestyret gjev kommunedirektøren fullmakt til å gjennomføra ytterlegare tiltak for å nå budsjettbalanse i 2025.

Det er i budsjettet for 2025 budsjettert med eit netto driftsresultat på 31 millionar kroner. I saksutgreiinga går det fram at per mars 2025 er netto driftsresultat 20,5 millionar kroner dårlegare enn periodisert budsjett hittil i år. Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 25,6 millionar kroner.

Dette betyr at det er nødvendig å setja i verk ytterlegare tiltak for å nå budsjettbalanse i 2025.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Kostraanalyse

Det vert også tilrådd å ta kostraanalysen for 2024 til orientering og å be om at denne vert lagt til grunn ved arbeidet med innsparingar i drifta. 

Det er kommunalsjefområdet Finans og økonomi som har utarbeidd ein kostraanalyse basert på data for 2024 for utvalde tenesteområde i Øygarden kommune. Analysen viser at det er størst innsparingspotensiale innan kommunehelseteneste, grunnskule, barnehage og barnevern.

Kommunestyret avgjer saka.

Innfører henteordning glas- og metallembalasje

Formannskapet vedtok å innføra henteordning for glas- og metallemballasje i samsvar med forskriftskrava, slik at abonnentane får eigna behaldarar. ØyVAR tek sikte på å starta opp med å levera ut spann rundt 1. august. Det er venta at det vil ta om lag eitt år å få dette på plass i heile kommunen. 

I utgangspunktet skal kostnadene med denne ordninga verta dekt av produsentane (gjennom produsent- ansvarsordninga) som betalar ØyVAR pr. tonn som vert levert i retur. Slik stoda er i dag får likevel ikkje ØyVAR dekt fullt ut kostnadane sine. Abonnentane må difor ta delar av rekninga gjennom renovasjonsgebyret.

Nytt gebyrregulativ skal gje betre kjeldesortering

Det vart også vedteke å utarbeida ein ny vektbasert gebyrmodell for renovasjon.  ØyVAR skal utarbeida regulativet i samarbeid med Øygarden kommune og fremja det i eiga sak. Gebyrregulativet skal ha verknad frå 1. januar 2026.

I saka går det fram at Øygarden kommune framleis er eit godt stykke unna dei nasjonale krava som kjem til kjeldesortering i åra framover. Eit pilotforsøk på Rong viser at det er mogleg å sortera ut vesentleg meir restavfall heime. ØyVAR er sikre på at eit system med Rfid-merkte avfallsbehaldarar og vekter på alle renovasjonsbilane, vil gje vesentleg betre sortering. Erfaring syner at gebyrmodellen påverkar sorteringa i heimen, og kan vera eit viktig verkemiddel til å oppnå betre sortering.

Prinsippsak om forskottering av spelemidlar

Formannskapet rår til at det vert vedteke retningsliner for forskottering av spelemidlar slik dei ligg føre i vedlegg til saka. Kommunestyret avgjer saka.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke