Fullt bibliotek under ungdomsstyrt mobiliseringskveld

Det var god stemning og høgt engasjement då ungdomsrådet tysdag ettermiddag og kveld inviterte til mobiliseringsarrangement på innbyggartorget og biblioteket. Med leiar i ungdomsrådet, Alva Betine Kilvik, som trygg og samlande los, vart deltakarane tekne med gjennom ein kveld der samarbeid, idémyldring og tru på eigne ressursar stod i sentrum.

Frå samlinga tysdag kveld - Klikk for stort bileteFrå samlinga tysdag kveld

– Dette handlar om å gje ungdom rom til å utforska kva dei sjølve vil skapa – og kven dei kan skapa det saman med, sa Alva, som losa deltakarane stødig gjennom programmet.

Arrangementet er del av eit prosjekt som har som mål å mobilisera lokalsamfunnet og testa nye måtar å samhandla på. Prosjektet nyttar ABCD-metodikken (Asset Based Community Development), og vert gjennomført i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Arbeidsverkstaden vart leia av Rita Agdal frå HVL, som introduserte deltakarane for metodikken og fasiliterte dialog og gruppearbeid.

– ABCD-metodikken hjelper oss å flytta merksemda frå kva som manglar, til kva vi har å byggja vidare på. Denne kvelden handla mykje om å bli medviten eigne ressursar og moglegheiter, forklarte Agdal.

Totalt deltok rett under 80 personar på arrangementet, der rundt 50 var ungdomar. Ungdomane jobba både med å kartleggja kva møteplassar som finst i dag, og kva for møteplassar dei ønskjer seg framover. Gjennom gruppearbeid og dialog vart eitt spørsmål særleg peika ut som det viktigaste denne kvelden:.

– Kven kan eg samarbeida vidare med for å realisera min møteplass? spurde prosjektleiar Eli.

Ho viste til viktige samarbeidsaktørar for å lykkast, som andre ungdomar, trygge vaksne, lag, organisasjonar, næringslivet og kommunen. Å kopla saman slike aktørar blir ei viktig oppgåve for kommunen å følgja opp. 

- På arrangementet deltok fleire engasjerte vaksne, og representantar frå frivillige organisasjonar, som Lions, ADHD-foreininga, Natteravnene Straume, Åpen for alle, Røde Kors, Sotra SK og Basecamp. Slike møte mellom unge, frivillige og kommunen bidreg til nye koplingar og opnar for vidare samarbeid på tvers, seier Eli Janette Fosso.

Frå samlinga på innbyggartorget og biblioteket - Klikk for stort bilete

Prosjektet er finansiert av fylkeskommunen for å testa ut nye måtar å mobilisera lokalsamfunn på, medan kommunen bidreg med eigeninnsats. Gjennom arrangementet viser kommunen ei tydeleg rolle som ein framtidsretta og ansvarleg samfunnsaktør, som koplar ungdom, frivillige og kunnskapsmiljø – og legg til rette for at nye møteplassar kan veksa fram nedanfrå.

Eit første steg – vidare arbeid i fellesskap

Dette arrangementet var meint som eit første møte og ein start på eit vidare mobiliseringsarbeid. Erfaringane frå kvelden peikar på at det framover vert viktig å kopla på fleire ressursar saman med ungdomane – ikkje minst næringslivet – for i fellesskap å utforska korleis dei møteplassane ungdomane etterlyser kan realiserast. 

Ambisjonen er at dette skal vera eit lokalsamfunnsløft, der næringsliv, frivillige, ungdom og andre aktørar bidreg fordi dei meiner dette er viktig, og er viljuge til å investera både tid, kompetanse og eigne ressursar i utviklinga av framtidige møteplassar.

– Tusen takk til alle som har kome og bidrege her i kveld. Dette er viktige innspel som vi tek med oss vidare, avslutta leiaren i ungdomsrådet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke