Frp klart størst i Øygarden kommune

Framstegspartiet er det partiet i Øygarden som klart har fått størst oppslutnad i stortings- og sametingsvalet. Resultatet så langt viser at partiet har fått 34,7 prosent. Arbeidarpartiet er det nest største partiet med 21,1 prosent (oppdatert 09.09. kl. 18.45).

Valmedarbeidarar frå Foldnes krins, Bjarne Kahrs og Sigrid Hiller, leverte røystene på rådhuset litt etter klokka 22. Til høgre; Espen Harkestad. - Klikk for stort bileteValmedarbeidarar frå Foldnes krins, Bjarne Kahrs og Sigrid Hiller, leverte røystene på rådhuset litt etter klokka 22. Til høgre; Espen Harkestad.

Seint innkomne førehandsrøyster er med i desse tala.

Resultatet viser elles at Høgre får 17,0 prosent og KrF 8,0 prosent. Ove Trellevik frå Øygarden er andrekandidat for Høgre og er sikra plass på Stortinget i komande periode.

Framstegspartiet gjer altså eit kraftig byks opp samanlikna med valet i 2021. Arbeidarpartiet går også fram, medan Høgre går kraftig tilbake.

Klokka 22.08 kom valmedarbeidarane frå Foldnes, som første krins, inn med røystene på rådhuset. Leiar for valmedarbeidarane i Foldnes-krinsen, Bjarne Kahrs, seier at det har gått fint med gjennomføringa av valet og at det har vore jamt og trutt med folk som har møtt opp.

- Denne gongen fekk vi besøk av valobservatørar. Det er første gongen eg har opplevd dette. Dei stilte fleire spørsmål, mellom anna korleis vi sikrar universell utforming, seier han.

Frammøteprosenten i Øygarden var 82,2 prosent. I 2021 var oppslutnaden 79,6 prosent.

Andre parti

  • Raudt: 3,5
  • SV: 3,3
  • MDG: 2,4
  • Sp: 2,6
  • Venstre: 2,3
  • Generasjonspartiet: 1,2
  • Pensjonistpartiet: 1,1
  • Konservativt: 0,8
  • Industri- og Næringspartiet: 0,7
  • Norgesdemokratene: 0,7
  • Partiet DNI: 0,2
  • Fred og Rettferdighet (FOR): 0,2
  • Velferd og Innovasjonspartiet: 0,2
  • Partiet Sentrum: 0,1 

         (oppdatert 09.09. kl. 18.45)


Her kan du følgja resultata på nettsida til Valdirektoratet.