Frivillige organisasjonar kan no søkja om momskompensasjon på varer og tenester
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela i overkant av 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2026. Denne ordninga skal fremja frivillig aktivitet, gjennom å kompensera for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september.
Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda som det vert søkt om kompensasjon for. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2026. Dette gjeld også dei som søkjer via sentralleddet sitt. Hugs at registrering kan ta litt tid.
Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle
organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.
Det kan søkjast etter to modellar: Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søkja gjennom sentralledd.
De finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på nettsida:
Momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Her ligg også informasjon om oppdateringar de må vita om i 2026.
Publisert 25.08.2026 11.02