Forskrift om tilskot til barnehagar på høyring

Formannskapet vedtok på tysdag å senda forslag til forskrift om tilskot til private barnehagar i Øygarden til offentleg høyring.

Frå møtet i formannskapet på tysdag. På talarstolen; Anita Garlid Johannessen (Frp) som presenterte forslag som følgjer saka om forskrift om tilskot til private barnehagar. - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet på tysdag. På talarstolen; Anita Garlid Johannessen (Frp) som presenterte forslag som følgjer saka om forskrift om tilskot til private barnehagar.

I vedtaket heiter det også at kommunedirektøren får fullmakt til å gjera mindre språklege, tekniske og redaksjonelle endringar i forskriftsutkastet før utsending til høyring, så lenge endringane ikkje har betydning for det materielle innhaldet. 

Etter gjennomført høyring skal kommunedirektøren leggja fram sak om endeleg vedtak av forskrifta. Saka skal innehalda ei oppsummering av høyringsinnspela og vurdering frå kommunedirektøren.

Anita Garlid Johannessen fremja eit forslag på tre punkt. Dette høyringsforslaget følgjer høyringa og vert vurdert før forskrifta kjem tilbake til endeleg behandling. Her kan du lesa forslaget. (PDF, 58 kB)

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny forskrift om tildeling av tilskot til private barnehagar. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2026 og inneber vesentlege endringar i korleis driftstilskot, pensjonstilskot og eigedomstilskot til private barnehagar skal fastsetjast og bereknast. Dei nye reglane gjeld kommunen si tilskotsberekning frå og med tilskotsåret 2027.

Etter hovudregelen skal kommunen fastsetja tilskotssatsane innan 31. oktober året før tilskotsåret. For tilskotsåret 2027 har Kunnskapsdepartementet fastsett ei mellombels overgangsordning som utset fristen til 30. november 2026.

I framlegget er det foreslått rapporteringstidspunkt 1. august og 15. desember. Kommunedirektøren foreslår å endra det første rapporteringstidspunktet frå 20. august til 1. august. Endringa av rapporteringstidspunkt frå 20. august til 1. august kan gje noko lågare tilskotsutgifter samanlikna med dagens rapporteringstidspunkt. Ved at barn blir registrerte i rett alderskategori frå 1. august, blir tilskotet berekna i samsvar med regelverket frå starten av barnehageåret. 

- Dette bidreg til korrekt og berekraftig bruk av kommunen sine økonomiske ressursar, skriv kommunedirektøren i forslaget til forskrift.

Høyringsfristen er sett til 2. oktober.

Høyringar

Formannskapet behandla også møteplan for 2027 og høyringssvar på NOU 2026:6 Den nye velferdskommunen.
Det vart også behandla åtte klagesaker.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her kan du sjå møtet på kommune-TV.