Føreslår å redusera til 27 medlemer i kommunestyret
Kommunedirektøren føreslår at talet på medlemer i kommunestyret vert redusert frå 45 til 27 medlemer. Dette går også fram av forslaget til økonomiplan 2026-2029. Ein eventuell reduksjon vert gjeldande for kommunestyreperioden 2027-2031.
Arkivfoto. Frå møetet i kommunestyret 21. oktober i år.Formannskapet behandlar saka tysdag 9. desember.
Sidan 2019 har det vore 45 medlemer i kommunestyret. Minimumskravet for kommunar med om lag 40 tusen innbyggjarar er 27 medlemer. Kommunestyret må sjølv vedta endring av medlemstalet innan utgangen av desember nest siste år av valperioden.
I 2022 vedtok kommunestyret å opprette eit politisk arbeidsutval for å mellom anna vurdera tal medlemer i kommunestyret. Arbeidsutvalet tilrådde eit medlemstal på 39 frå kommunestyreperioden 2023-2027. Kommunestyret vedtok at det framleis skulle vera 45 medlemer i perioden 2023-2027.
I saksutgreiinga vert det vist til at ulempa med å redusera talet på medlemer er at det mellom anna vert vanskelegare for små parti å få inn representantar. På den andre sida kan færre representantar gjera det enklare å gjennomføra møte og ta avgjerder. Det kan også bidra til raskare politiske prosessar og redusera kostnadene.
Ved å redusera talet på kommunestyrerepresentantar til 27, vil den årlege innsparinga verta om lag 740 tusen kroner.
Andre saker i formannskapet
- Budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029
- Sal av areal i Skogsskiftet
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 04.12.2025 13.00