Følgjer opp tilsynssak

Øygarden kommune har den seinare tida vore i dialog med Statsforvaltaren som følgje av ei tilsynssak ved barnevernet. 

Saka handlar i hovudsak om manglar knytt til vedtak og påviste manglar innan internkontroll og kvalitet. I tilsynsrapporten legg Statsforvaltaren funn i tilsynssaka til grunn for pålegg om utbetring, sjølv om Øygarden kommune i den seinare tida har iverksett kompenserande tiltak i samsvar med tilrådingane. 

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at det er viktig å syta for best mogleg oppfølging av dei barna som har behov for hjelp. Diverre viser utviklinga at stadig fleire barn har behov for omsorg og oppfølging.

Statsforvaltaren påpeikar at tilsynet har avdekt at dokumentasjon av undersøkingar, vurderingar og grunngjevingar har vore mangelfull. Basert på dette har Statsforvaltaren gitt pålegg om utbetringar.  

Kommunedirektøren er trygg på at barneverntenesta vil lukka pålegga innan fristen.

- Vi er allereie godt i gang med å innretta tenestene i samsvar med pålegga, seier Johnny Breivik.

Barneverntenesta er underlagt strenge krav til konfidensialitet, og det er difor ikkje mogleg for kommunen å kommentera enkeltsaker eller prosessar knytt til konkrete personar. Det vert difor vist til Statsforvaltaren for ytterlegare opplysningar.

På nettsida til Statsforvaltaren er det meir informasjon om tilsynssaka.