Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Ellen Ebbesvik og Lisbeth HjortlandOrdførar Tom Georg Indrevik presenterte kriteria for tilgjengeprisen.
- Tilgjengeprisen skal gå til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller offentleg etat som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen, sa ordføraren.
Livets lys er ei samling på to timar der deltakarane først samlast i kyrkjerommet og syng saman og for kvarandre. Alle kan gripa mikrofonen og syngja, spela eller dela noko med dei andre. I slutten av mai vert semesteret avslutta med gudsteneste, slik tilfellet var denne fredagskvelden.
Leiar i råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF), Lisbeth Hjortland, las opp grunngjevinga. Det vert vist til at Foldnes kyrkje driv eit mangfaldig arbeid for alle aldersgrupper og er god på å leggja til rette for ulike behov. Det er eigne samlingar ein fredag i månaden spesielt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne, Livets Lys.
- Der er det mykje song og musikk, ein kort andakt, og dei av deltakarane som ønskjer det, får delta med song og musikk. Det er også kveldsmat og utlodding, der alle vinn ein premie, sa Hjortland.
Alle skal få delta
Ved konfirmasjonsundervisning og konfirmasjon, er dei opptekne av å leggja til rette for at alle kan delta, for eksempel ved at konfirmanten får undervisning ein til ein eller i mindre gruppe, gjerne i samarbeid med skulen. Det er også eit arrangement i året for kvart årskull frå dåp til konfirmasjon, T-dagar. Ved invitasjon til desse samlingane, er arrangørane tydelege på at dei må få beskjed dersom nokon har særskilt behov for tilrettelegging, slik at kyrkja kan møta dei på best mogleg måte. Forslagsstillarane har eiga erfaring med at dette ikkje berre er ord.
- Dei har eit vidt diakonalt arbeid der dei mellom anna tilbyr samtaler og gruppesamlingar, for eksempel songgrupper. Mange menneske med nedsett funksjonsevne nyt godt av heimebesøk av kyrkja sine tilsette og frivillige. Kyrkja er universelt utforma og det er teleslynge for høyrslehemma. I det siste har dei meir enn dobla talet på parkeringsplassar for rørslehemma nær inngangen, sa Lisbeth Hjortland då ho presenterte grunngjevinga for prisen.
Frå gudstenesta fredag kveldDet er Ellen Ebbesvik, Eivind Kausland, to ektepar og dette året sju konfirmantar som driv Livets lys. Ellen opplever dette arbeidet som svært meiningsfylt, og det var tydeleg sterkt for henne då ordføraren og leiaren av RFF kom og presenterte Livets Lys som vinnar av tilgjengeprisen.
- Vi ante ingenting om dette. Men vi kjenner oss verdsett, og det er sterkt å oppleva denne anerkjenninga. Dei som er med på desse samlingane har ei enorm omsorg for kvarandre. Det er så flott på songkveldane då deltakarane føreslår og framfører songar på sin måte. Det kan gjerne vera «Eg er en liten undulat» og «Han er min song og min glede».
Denne kvelden var det prest Arve Hansen Haugland som leia og talte på gudstenesta. Fleire gudstenestedeltakarar bidrog med bøn, opplesing og musikk.
Vanlegvis kostar bevertninga litt, men denne kvelden var det gratis pizza. Det høyrer med når Livets lys vart hylla med tilgjengeprisen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke