Rune Golf (til venstre) og Espen HanurenFleire av elevane var tett på hendinga, og skuleleiinga er særleg oppteken av at desse elevane får god oppfølging.
- I går var vi i kontakt med politiet og fekk avklart at vi kunne la elevane få gå heim. I dag vart det som skjedde i noko varierande grad teke opp i klassane ved skulestart. Helsesjukepleiar har vore tilgjengeleg i dag, og vil vera det også på torsdag og eventuelt fredag, seier rektor Espen Hanuren.
Det vart sendt ut melding til dei føresette tysdag kort tid etter hendinga etter kontakt med politiet. I dag vert det sendt ut informasjon til dei føresette.
Skulesjef Rune Golf seier at ein del elevar har behov for ekstra oppfølging.
- Leiinga og dei andre tilsette på Foldnes skule har følgd opp hendinga på ein svært god måte. Skulen tek godt hand om dei elevane som treng ekstra oppfølging. Samstundes er det viktig at elevane opplever ein så normal skulekvardag som mogleg, seier skulesjefen.
Ordførar Tom Georg Indrevik seier at ei hending som dette vert opplevd skummel, ikkje minst for dei mindreårige.
- Dette er ei djup tragisk hending. Tankane går særleg til familie og pårørande. Det er svært alvorleg når helsepersonell som er sendt for å hjelpa, vert skadd. Eg er glad for at skuleleiinga har snakka med elevane om det som skjedde og følgjer særleg opp dei som har ekstra behov, seier ordføraren.
Er det behov for hjelp, kan ein ta kontakt med Øygarden legevakt.
Tekst og foto: Vigleik Brekke