Flaggar for besøk av EU-ambassadørar

Tysdag 13. oktober besøkjer EU-ambassadørar frå 17 land Øygarden. Gjestene skal på besøk til Northern Lights. Det vert flagga ved rådhuset under besøket på tysdag. 

Øygarden rådhus Øygarden kommune

Varaordførar Anita Garlid Johannessen er mellom dei som tek imot gjestene når dei kjem til anlegget på Ljøsnøyna.

Northern Lights-anlegget i Øygarden tek imot flytande CO2 og fører det i røyr ut i Nordsjøen. CO2 vert så pumpa ned og lagra i eit reservoar under havbotnen.