Finn fram sykkelen og byt gir
Onsdag 6. mai kjem Miljøløftet på besøk til Øygarden kommune. Denne dagen kan du ta med deg sykkelen til ei Byt gir-markering i Grønamyrvegen mellom klokka 10 og 14.
- Denne dagen får du gratis sykkelservice på sykkelen din, seier mobilitetsrådgjevar Christoph Beidenhauser.
Møter du opp i Grønamyrvegen på onsdag, kan du vinna ein el-sykkel.Ordførar Tom Georg Indrevik er til stades på Byt gir-markeringa frå klokka 11.30.
- Eg tek med sykkelen for å ta sykkelservice, seier han.
- I tillegg kan du testa el-sykkel og delta i konkurranse om å vinna ein el-sykkel. Eg oppmodar folk i nærområdet til å ta lunsjen i Grønamyrvegen like ved Marens Hjørne på onsdag, seier Christoph Beidenhauser.
Sykkelservice inneber sjekk av sykkelen. Basecamp kan tilby reperasjon/utskifting av delar til sykkelen til greie prisar.
Ordførar Tom Georg Indrevik tek med seg sykkelen sin og får sykkelservice.Formålet med Byt gir er å få fleire til bruka sykkelen og bruka han oftare.
Det vert servering av kaffi og snacks (frukt).
Les meir om Miljløftet og Byt gir.
Publisert 04.05.2026 12.35