På torsdag var det fest for ny sansehage på Tednebakkane omsorgssenterDen nye sansehagen ligg lunt til for vinden frå vest og nord.I sol og svak vind frå vest vart det pølser i brød og kake på alle gjestene denne dagen.
Ole Vatn vaks opp på Ekrhovda. Sjømannen har også budd i Bergen og Bjorøyna.
- Eg tykkjer hagen er vorten fin. Eg skal ta meg ein tur rundt og smaka på jordbæra, seier han.
Han likar seg godt på Tednebakkane omsorgssenter.
- Maten er god, og eg har ikkje hatt noko problem med betjeninga, ler Olav.
Den nye sansehagen invinterer til mange inntrykk.Tar du turen rundt hagen, er det kassar/postar med planter og anna som bebuarane sjå, kjenna på og lukta på. Tar dei seg god tid, vert det mange inntrykk. Denne dagen var det til og med lagt ut nydelege jordbær langs vegen i hagen.
Einingsleiar Hilde Elin Buene Nilsen er stolt over og glad for den oppgraderte hagen. Ho fortel at det var ein hage ved senteret tidlegare også, men hagen hadde eit stor behov for oppgradering. No kan alle brukarane nytta ny og jamn veg gjennom hagen og eit heilt nytt hageområde.
- Eg skal ta kona med på tur i hagen, seier Olav Vatn. Til høgre; einingsleiar på Tednebakkane omsorgssenter; Hilde Elin Buene NilsenMed denne store oppgraderinga kjem også skifersteinen meir til syne.
- Vi ønskjer at dette skal vera ein open hage for alle besøkande og brukarane. Også naboane vert inviterte til at bruka hagen. Her kan ein treffa folk på vegen rundt i hagen. No har alle her fått ein stor felles hage, seier einingsleiaren som i talen takka anleggsgartnarmeister Askeland, leiar byggforvaltning Ivan Nakken og Lars Fjærtoft i byggforvaltning, frivillige og dei tilsette på omsorgssenteret for godt samarbeid.
Frå venstre; Nina Askeland, Hilde Elin Buene Nilsen, Lars Fjærtoft, Alice Levik (ergoterapeut) og Ivan Nakken.Dagleg leiar hjå Askeland AS, Nina Askeland, seier at hagen skal vera enkel og lett å vedlikehalda.
- Samstundes skal dette vera ein fin hage. Dette er hjartebarnet mitt. Desse brukarane er dei viktigaste me lagar hage til, og dei fortener verkeleg ein flott hage, seier ho.
Det er lo lagt til rette for at det er lett å koma seg ut i hagen på omsorgssenteret. Ved utgangen til hagen skal det hengjast opp måleri laga av Bjørg Skarpenes. Arvid Torsvik sytte for god stemning med trekkspelmusikk.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke