Frå venstre; Beate Gauden (RVTS), Guttorm Helgøy, Merete Nygård Ingebrigtsen og Marianne GjerstadTemaet var vald og overgrep. Dette er eit alvorleg samfunnsproblem som krev kunnskap, tryggleik og tett samarbeid på tvers av tenester. Fagdagen er ein del av arbeidet til kommunen for å styrkja førebygging, tidleg avdekking og god oppfølging av barn og unge i sårbare situasjonar.
Deltakarane fekk høyra Beate Gauden frå RVTS (Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging). Ho snakka om korleis trygge vaksne med traume-kompetanse kan skapa stabile og gode vilkår for utvikling hos barn. Gjennom faglege innlegg og refleksjon sette vi søkjelys på kor viktig relasjonar, regulering og forståing av traume er i møte med barn og familiar.
Seinare på dagen heldt pedagogisk psykologisk rådgjevar Marianne Gjerstad og Guttorm Helgøy, som er seniorrådgjevar på Universitetet i Stavanger, Læringssenteret, innlegg om pedagogisk analyse som felles verktøy i PPR. Målet er å styrkja ein felles praksis som gir eit betre grunnlag for systematisk og kunnskapsbasert arbeid i barnehage og skule.
Frå arbeidsverkstadenFagdagen gav òg rom for arbeidsverkstad og erfaringsdeling. Her arbeidde deltakarane aktivt med å knyta kunnskapen til eigen praksis.
Arbeidet vi gjer, betyr noko – også når vi ikkje ser resultata med ein gong. Gjennom denne dagen vil vi styrkja forståing, tryggleik og verktøy i møte med barn og unge.
Med felles innsats og auka kompetanse står PPR godt rusta til å bidra i arbeidet med å skapa trygge og inkluderande oppvekstmiljø i Øygarden kommune.
Her er fleire bilete:
Tekst: Merete Nygård Ingebrigtsen (einingsleiar pedagogisk psykologisk ressurssenter) og Ordsmed-Ivar
Bilete: Vigleik Brekke og Merete Nygård Ingebrigtsen