Fekk pizza for god oppførsel

- I dag får de vera med på noko som få ungdomsskular får oppleva. Det sa avdelingsleiar Alfred Instefjord til dei 168 elevane som var klar for matøkt i allrommet i storefri på onsdag.
Kva var annleis denne dagen? Jo, butikkane på Rong Senter spanderte pizza og brus som takk for god oppførsel på senteret.

Utdeling pizza. - Klikk for stort biletePizza i storefri er sjølvsagt populært.

For to tre år sidan var situasjonen heilt annleis på Rong Senter. Elevane har ikkje lov til å gå på senteret i skuletida, men utanom skuletida gjorde fleire elevar det lite triveleg. Senterleiar Marita Torsvik Solås, som til dagleg leiar butikken Bricks, sa til elevane at det på den tida ikkje var kjekt å vera på senteret.

- Vi opplevde hærverk og tagging. Til og med ein rakett vart avfyrt på senteret. Vi vart sinte og måtte stengja ungdomar ute frå senteret. Vi ville ikkje ha det slik. Men det siste året har de oppført dykk enormt fint, og det set vi stor pris på. Vi vil gjerne gje noko tilbake, sa senterleiaren.

Emine Kleppestø.. - Klikk for stort bilete- Eg merkar ein positiv endring i elevflokken, seier Emine Kleppestø..

Stor forandring

Emine Kleppestø (10B) stadfestar at det har skjedd ei stor endring i oppførselen til elevane på senteret.

- Det er ikkje sjølvsagt at vi skal få noko tilbake slik vi opplevde i dag, men det var veldig kjekt. Det er kome til nye kull på skulen, og vi har opplevd stor forandring. Eg er ikkje så mykje på senteret, men når eg er der, oppfører ungdomane seg heilt vanleg og fint, seier Emine.

Frå venstre; Dan Solsvik (Spar), Mandy Goldmann (Huset Spiseri), Marita Torsvik Solås (senterleiar) og Alfred Instefjord (Øygarden ungdomssku - Klikk for stort bileteFrå venstre; Dan Solsvik (Spar), Mandy Goldmann (Huset Spiseri), Marita Torsvik Solås (senterleiar) og Alfred Instefjord (Øygarden ungdomsskule).

Også avdelingsleiar Ingrid Algrøy Sæle har registrert ei stor endring i oppførselen til elevane.

- Det er veldig god stemning i flokken no. Vi merkar også at elevane oppfører seg fint på senteret. Vi har eit veldig godt samarbeid med Rong Senter, seier avdelingsleiaren. 

Det var Huset Spiseri som leverte pizza til elevane. Kiwi sponsa brusen.

Her er fleire bilete:

Alferd Instefjord og Marita torsvik Solås - Klikk for stort bilete
Marita Torsvik Solås, Dan Solsvik og Mandy Godlmann - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Sunniva Gundersen (8 tr.), Milana Hubernaskaa (8 tr.) og Eiri Aarsand (8 tr.) - Klikk for stort bilete


Tekst og bilete: Vigleik Brekke