Får undervisning på Ulveset og Ågotnes
Frå onsdag 22. januar får fem av trinna på Skålevik skule undervisning på Ulveset skule og Ågotnes skule. Grunnen til dette er prøveresultat som viser frie asbestfibrar på delar av Skålevik skule. Størstedelen av skulen vart dermed stengt frå og med tysdag.
Skålevik skuleI dag har skulen hatt undervisning ute. Frå onsdag vert det ordinær undervisning. 3. og 4. trinn får undervisning på Ulveset skule, medan 5. til 7. trinn skal ha undervisninga på Ågotnes skule. 1. og 2. trinn brukar den delen av Skålevik skule som ikkje er stengd.
Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, opplyser at Skålevik skule i dag har arbeidd med korleis skulekvardagen skal organiserast heretter.
- Når situasjonen er slik han er, er eg imponert over kor raskt skulane snur seg rundt for å handtera situasjonen. Dei tilsette på Skålevik skule skal ha stor takk for at dei har funne gode løysingar for skuledrifta i ein krevjande situasjon. Eg takkar også Ulveset og Ågotnes skular som tar imot elevane på kort varsel, seier kommunalsjefen.
Eigedomsdrift følgjer opp arbeidet med kartlegging av førekomstar av frie asbestfibrar for heile skulebygget.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Øygarden kommune
Publisert 21.01.2025 17.19