Endringar ved Storavatnet og for Godviksvingene

Frå 14. juli vert det endringar for trafikken på riksveg 555 og tilstøytande vegar ved Storavatnet i Bergen. Godviksvingene opnar igjen i ny trasé. Det vert teke i bruk ei ny mellombels innfartsparkering i bruk, og køyremønsteret vert endra.

Anleggsområdet ved Storavatnet - Klikk for stort bileteAnleggsområdet ved Storavatnet

Godviksvingene vert open for trafikk i begge retningar. Fotgjengarar og syklistar kan framleis bruka Godviksvingene, i noko endra trasé. 

Dei største endringane gjeld trafikken frå Olsvik og Loddefjord mot Sotra eller Askøy.

Påkøyringsrampen til riksveg 555 frå rundkøyringa ved Olsvik vert stengd mellombels. Trafikantar som skal denne vegen, må køyra via Godviksvingene for å koma ned på riksvegen ved Storavatnet. Busstoppet Frida Fasmer på riksveg 555 i retning vest vert flytta til Godviksvingene.  

I tillegg til dette vert det opna ei ny mellombels innfartsparkering langs ny trasé Godviksvingene, i retning Askøy. Eksisterande innfartsparkering mellom Godviksvingene og Askøyvegen vert stengd.
Innfartsparkeringa nærast Storavatnet terminal kan framleis nyttast. Kapasiteten på innfartsparkeringa vert som i dag. 

Trafikken til og frå Sotra og Askøy på riksveg 555 vil elles følgja dagens køyremønster. Unnataket er avkøyringa frå riksvegen, skilta Askøy, inn på Godviksvingene ved Storavatnet terminal.  Denne avkøyringa vert stengd. 

Her kan du lesa meir om endringane som trer i kraft tysdag 14. juli klokka 06.00.


Red.: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Link