Den første kvinnelege ordføraren i Fjell kommune, Eli Årdal Berland, døde 8. september 73 år gamal.
- Vi kjenner eit stort sakn, og tankane vår går til dei næraste, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Eli Årdal BerlandHøgrepolitikaren Eli Årdal Berland tok over som ordførar i Fjell då Lars Lie døde brått i 2010. Ho var ordførar fram til 2015. Ho starta karrieren som kommunepolitikar i 1999 og var mellom anna leiar av hovudutval for helse og sosial i perioden 1999-2003 og var dermed kommunestyrerepresentant i 16 år. Ho har også vore medlem av Hordaland fylkesting.
Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Eli Årdal Berland leia Fjell kommune med stødig hand etter at ho brått måtte overta ordførarvervet i 2010.
- Ho fekk fornya tillit ved valet i 2011 og var med på å utvikla kommunen i ein periode der mellom anna fleire helseprosjekt vart realiserte som ein del av samhandlingsreforma. Døme på dette var etablering av intermediær avdeling, dialysebehandling og tilrettelegging for Øyane distriktspsykiatriske senter (Helse Bergen HF). Ho var også ordførar og sentral i arbeidet med å realisera Sotra Arena som ho sjølv opna i 2013, seier ordføraren.
Eli Årdal Berland var vararepresentant for Høgre på Stortinget i perioden 2005-2009.
- Eli var ein god ambassadør for Fjell kommune, ikkje minst gjeld det dei seks åra ho var ordførar. Ho var lyttande og var oppteken av å finna gode samlande løysingar for kommunen, men ho hadde også eigenskap av å seia frå når det var nødvendig. Personleg samarbeidde eg svært godt med Eli, seier Tom Georg Indrevik.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland
Publisert 10.09.2025 16.05