Eldrerådet: Ja til storkjøken og ja til desentraliserte kjøken

Eldrerådet gav torsdag tilråding i saka om etablering av storkjøken på Straume og utvikling av kjøkenstrukturen i Øygarden. Rådet tilrår samrøystes at det vert etablert storkjøken i ny sjukeheim på Straume, men vil halda fast på noverande ordning med desentraliserte kjøken.

Frå eldrerådet 28. mai - Klikk for stort bileteFrå eldrerådet 28. mai

I utgangspunktet vart det fremja tre endringsforslag. Det enda opp med eit fellesforslag som støtta innstillinga frå kommunedirektøren, men med ein forsterka ordlyd om å oppretthalda ein desentralisert kjøkkenstruktur ved dei aktuelle institusjonane, sjølv om det vert bygd eit nytt storkjøken ved den nye sjukeheimen på Straume.

I tilrådinga understrekar eldrerådet at mat og måltid er ein sentral og viktig del av kvardagen for bebuarane. Dette har stor betydning for ernæring, trivsel og livskvaliteten. Rapporten frå prosjektgruppa viser i samandraget at kjøkkentenesta ved sjukeheimane i hovudsak fungerer tilfredsstillande og med gjennomgåande gode mat- og måltidstenester. Dei leverer òg på spesialkost.

Eldrerådet uttalar vidare at varm mat heim vil vera eit sentralt tilbod så lenge det er eit mål at eldre skal bu lengst mogleg i eigen heim. Den nye sjukeheimen må ha eit kjøkken som dekkjer aukande behov for slike tenester, samstundes som dei andre sjukeheimane dekkjer eigne nærmiljø. Kompetansen til sjukeheimane på eldre og ernæring må stå sentralt når desse tenestene skal utviklast og gjennomførast. 

- Eit nytt storkjøken må ha kapasitet til å levera mat til heimebuande eldre og personar med funksjonsnedsetjing, seier eldrerådet i tilrådinga.

Saka vert avgjort av kommunestyret.

Jan Utkilen var oppteken av å få presisert at eldrerådet også tilrår å oppretthalda noverande ordning med desentraliserte kjøken - Klikk for stort bileteJan Utkilen var oppteken av å få presisert at eldrerådet også tilrår å oppretthalda noverande ordning med desentraliserte kjøken.

Plan for klima og strategi

Eldrerådet tok strategiplanen for energi 2026–2030 til orientering, men tilrår eit tillegg som omhandlar klimavennleg transport. Det må satsast på tilrettelegging for nye pendlarparkeringar, eller alternativt utviding av dei som allereie finst. Vidare tilrår eldrerådet at for å oppnå klimavennleg kollektivtransport må kommunen halda fram dialogen med fylkeskommunen om auka tal på bussavgangar.

Føreslår Bildøy ungdomsskule som namn på ny skule

Eldrerådet tilrår Bildøy ungdomsskule som namn på den nye ungdomsskulen på Bildøyna. Også råd for personar med funksjonsnedsetjing går inn for dette namnet.

Ungdomsrådet har tilrådd at skulen skal heita Bildøyna ungdomsskule. 

Namnesaka skal leggjast ut på høyring før det vert gjort endeleg vedtak.

Andre saker

  • I samband med handlingsplanen for eldrerådet vart det lagt til under «Pårørande» at eit pilotprosjekt om dei frivillige si rolle i eldreomsorga skal knytast til ein av sjukeheimane.
  • Det vart orientert om status i arbeidet med eldredagen (1. oktober 2026).


Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke