Eivind Helland fekk kulturpris

I ein pause i kommunestyret på torsdag fekk Eivind Helland overrekt kulturprisen for 2025 for Øygarden kommune. Helland har vore ein sentral pådrivar for musikk- og kulturlivet i Sund, og seinare i Øygarden kommune, sidan 1979 og fram til i dag. 
- Hugs å ta vare på kulturen, sa prisvinnaren etter å ha fått overrekt prisen.

I talen viste Tom Georg Indrevik til at Eivind Helland har hatt verv som leiar eller nestleiar i ei rekkje kulturorganisasjonar, mellom anna Glesnes ungdomslag, Sund skulemusikk, Sund blandakor, Sund folkeakademi og Folkeakademiet Vest. I 1986 meinte Eivind at det var på høg tid å danna eit talerøyr for musikklivet i Sund.  - Han tok initiativ til å starta Sund musikkråd og var leiar der fram til rådet vart slått saman med Fjell musikkråd. Engasjementet for å skapa gode rammer for kulturlivet har han ført vidare i Øygarden musikk- og kulturråd, der han framleis er aktiv styremedlem, sa ordførar Tom Georg Indrevik. I tillegg til verv i kommunen engasjerer Eivind seg også regionalt. Han har hatt verv i Folkeakademiet Hordaland og sat som styremedlem i Folkeakademienes landsforbund i perioden 2016–2024. - Det var stort å få denne prisen. Eg vil takka dei som har nominert meg. Eg har gjerne vore ein pådrivar, men eg kan ikkje gjera dette åleine. Vi får no snart ei ny bru. Vi ønskjer alle tilflyttarar velkomne, men då er det også er viktig å ta vare på kulturen, sa Eivind Helland til kommunestyret. - Klikk for stort bileteFrå utdelinga av kulturprisen for 2025. Frå venstre; kultursjef Marian Guddal Hansen, prisvinnar Eivind Helland og ordførar Tom Georg Indrevik

I talen viste Tom Georg Indrevik til at Eivind Helland har hatt verv som leiar eller nestleiar i ei rekkje kulturorganisasjonar, mellom anna Glesnes ungdomslag, Sund skulemusikk, Sund blandakor, Sund folkeakademi og Folkeakademiet Vest.

I 1986 meinte Eivind at det var på høg tid å danna eit talerøyr for musikklivet i Sund. 

- Han tok initiativ til å starta Sund musikkråd og var leiar der fram til rådet vart slått saman med Fjell musikkråd. Engasjementet for å skapa gode rammer for kulturlivet har han ført vidare i Øygarden musikk- og kulturråd, der han framleis er aktiv styremedlem, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

I tillegg til verv i kommunen engasjerer Eivind seg også regionalt. Han har hatt verv i Folkeakademiet Hordaland og sat som styremedlem i Folkeakademienes landsforbund i perioden 2016–2024.

- Det var stort å få denne prisen. Eg vil takka dei som har nominert meg. Eg har gjerne vore ein pådrivar, men eg kan ikkje gjera dette åleine. Vi får no snart ei ny bru. Vi ønskjer alle tilflyttarar velkomne, men då er det også er viktig å ta vare på kulturen, sa Eivind Helland til kommunestyret.


Tekst og foto: Vigleik Brekke