Eit trygt og godt opplæringsmiljø er ein grunnstein

Tysdag 11. august var nærare 400 tilsette frå skulane i Øygarden samla til felles kompetanseheving innan satsinga «Trygt og godt i barnehage og skule i Øygarden kommune». 

Frå samlinga på tysdag - Klikk for stort bileteFrå samlinga på tysdag

Skulane hadde meldt seg på eitt av tre parallelle arrangement:

  • Barn, unge, psykisk helse og ufrivillig skulefråvær med psykologspesialist Kirsten Resaland
  • Elevmeverknad og elevens medansvar med Robert M Flatås frå Høgskulen på Vestlandet
  • Skule og heimsamarbeid, i medgang og motgang med Annette Nagelhus frå FUG (Foreldreutvalet for grunnskuleopplæringa).


Eit trygt og godt opplæringsmiljø er grunnsteinen for alt som blir gjort i skulen. Å læra og å utvikla seg sosialt og fagleg blir ein tung motbakke om eleven ikkje kjenner seg trygg, om eleven ikkje kjenner det er godt å vera på skulen. Barn og unge har rett til eit trygt og godt opplæringsmiljø. 

Difor må vi, difor skal vi alltid jobba for dette i skulen i Øygarden. 

Anette Nagelhus snakka om "Samarbeid skule heim, i medvind og motgang" - Klikk for stort bileteAnette Nagelhus snakka om "Samarbeid skule heim, i medvind og motgang"

Tida er knapp og dyrebar for tilsette i skulen ved oppstart av nytt skuleår. Det er difor med glede vi tek i mot gode tilbakemeldingar knytt til denne kompetansehevinga. 

Takk til alle som kom – lukke til med skuleåret 2026/27!

Galleri

Robert M Flatås:Elevmedverknad og elevansvar - Klikk for stort bilete
Frå samlinga - Klikk for stort bilete
Kirsten Resaland: Barn, unge, psykisk helse og ufrivillig skulefråvær - Klikk for stort bilete
Frå samlinga - Klikk for stort bilete
Frå samlinga - Klikk for stort bilete


Ranveig Bungum, fagleg rådgjevar, skule.