- Eg likar å bu i Øygarden kommune
Frida Morland Hansen var ein av 23 elevar i dei tre tidlegare kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) som i 2019 presenterte framtidstankane sine om den samanslåtte kommunen, Øygarden. No er ho elev på Danielsen videregående skole i Bergen.

Øygarden har passert fem år, og vi har spurt Frida og tre andre elevar korleis dei opplever den nye kommunen - fem år etter. Er forventningane innfridde og kva tankar har dei for Øygarden kommunen framover.
For fem år sidan gjekk Frida på Hjelteryggen skule. Då var ho uroleg for at så mange slutta i idretten når dei kom i tenåra.
- Framleis er det mange som sluttar i idretten. Eg oppfordrar dei unge til å vera fysisk aktive og halda fram med å trena, seier Frida.
På spørsmålet om kva ho er mest stolt av i Øygarden kommune, så er svaret tydeleg.
- Sotra Arena. Det er ein veldig fin idrettshall i eit område der det også er turnhall, dansesal, fotballhall og handballbanar. Eg likar å bu i Øygarden kommune. Eg har vener her og det er mykje sosialt og ting å gjera her, seier Frida Morland Hansen.
Publisert 25.02.2025 12.00