- Eg er glad i bygda mi Emma
Emma Telle Fjell var ein av 23 elevar i dei tre tidlegare kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) som i 2019 presenterte framtidstankane sine om den samanslåtte kommunen, Øygarden. No studerer ho marin teknikk på NTNU i Trondheim.
Øygarden har passert fem år, og vi har spurt Emma og tre andre elevar korleis dei opplever den nye kommunen - fem år etter. Er forventningane innfridde og kva tankar har dei for Øygarden kommunen framover.
Emma har alltid vore glad og stolt av Glesnes, der ho vaks opp. Ho opplever at overgangen til ny kommune har vore ganske mild, men ho er framleis uroa over at bygdene ikkje får like mykje merksemd som meir sentrale delar av kommunen.
- Den nye kommunen kan bli flinkare til å framsnakka distrikta, men eg er likevel glad for at bygdene er tekne vare på. Eg håpar å finna ein jobb som relevant i forhold til utdanninga. Eg tenkjer at det kan bli ei god og lys framtid for meg i Øygarden, seier Emma Telle Fjell.
Publisert 11.03.2025 12.00