Drøfta namn på ny ungdomsskule

Ungdomsrådet tilrår Bildøyna ungdomsskule som namn på den nye ungdomsskulen. I drøftinga på møtet på tysdag vart også forslag om å kalla skulen opp etter ein kjent person frå det geografiske området vurdert.

Frå presentasjonen av det nye tilbodet frå ODEN Kino Sotra - Klikk for stort bileteFrå presentasjonen av det nye tilbodet frå ODEN Kino Sotra

Den nye skulen, som vert bygd på idrettsplassen like ved Bildøyhallen, skal etter planen stå klar til bruk i august 2028. Det første spadetaket vart teke den 21. mai.

I saka skriv kommunedirektøren at det kan vera eit alternativ å vidareføra namnet Fjell ungdomsskule dersom ein ønskjer å ta vare på historia knytt til dette namnet.  

Eit anna alternativ kan vera å knyta namnet til lokal plassering, til dømes Bildøyna ungdomsskule, slik ungdomsrådet tilrår.

Ønskjer at intnasjonalt skulesamarbeid vert vidareført

Ungdomsrådet tok saka om internasjonalt samarbeid gjennom Erasmus+ innan oppvekst til orientering. I tilrådinga heiter det at rådet sluttar seg til den vidare satsinga på Erasmus+ som verkemiddel for kompetanseheving og kvalitetsutvikling i barnehage, skule og vaksenopplæring, i tråd med gjeldande akkreditering og innanfor gjeldande økonomiske rammer.

Alle som tok ordet i drøftinga av saka gav uttrykk for at dette er ei viktig satsing for skulen i Øygarden og at dette er eit godt tilbod for elevar i heile kommunen.

Arbeid og kultur

I samband med arbeidet med handlingsplanen fekk ungdomsrådet informasjon om samarbeidstiltaket mellom kommunen og Vest Næringsråd om arbeidsveke og sommarjobb for ungdom og om korleis ein kan byggja identiteten på dei verdiane vi har i kommunen.

Næringssjef Marianne Furheim gav informasjon om tiltak for å gje ungdom arbeid. - Klikk for stort bileteNæringssjef Marianne Furheim gav informasjon om tiltak for å gje ungdom arbeid.

Næringssjef Marianne Furheim orienterte om tiltak som kan gje ungdom meiningsfull arbeidsveke og sommarjobb. Næringsrådet har laga ei eiga nettside under næringsrådet der bedriftene vert oppmoda om å gje ungdomane ei meiningsfull arbeidsveke. I eit samarbeid mellom Vestland fylke, NHO og NAV er det etablert eit tiltak under namnet «Sommarjobb i vest».

Ungdomsrådet har drøfta dette temaet ved fleire høve tidlegare. Ei gjentakande utfordring har vore korleis utdanningsfaget på ungdomsskulesteget vert praktisert. Medlemene i ungdomsrådet opplever at dette faget ikkje er høgt nok prioritert og at desse timane vert fullt med andre tema og aktivitetar enn det som er formålet. Rådet ønskjer at kommunalsjefen for Oppvekst kjem til ungdomsrådet og orienterer om faget og korleis det kan verta meir meiningsfullt for elevane. Mellom anna ønskjer rådet at elevane kan få meir hjelp til å skrive gode CV og søknader, til dømes søkja sommarjobb.

Identitet og kultur

I samband med drøftinga av handlingsplanen vart det også gjeve informasjon om korleis ein kan byggja identitet på dei verdiane vi har i Øygarden og korleis ein kan ta dette vidare og gjera det tidsaktuelt for ungdomen i dag. 

To medlemer i ungdomsrådet har vore med i eit arbeid om å utvikla Sartorlunden på Straume. Ungdomsrådet har fleire forslag til korleis denne parken kan få langt større bruk og nytte enn i dag. Det er mellom anna føreslått å fylla ut vatnet for å leggja til rette for fleire aktivitetar. Denne parken kan inspirera til liknande parkar andre stader i kommunen. 

Ungdomsrådet er også engasjert i ei arbeidsgruppe som ser på korleis ein kan få aktivitetar i Røde Kors-huset som er retta mot ungdom.

I drøftinga kom det mellom anna fram at opningstida på innbyggartorget og biblioteket bør utvidast og i større grad tilpassast slik at ungdom kan nytta dette tilbodet. Det bør leggjast meir til rette for både organisert og uorganiserte aktivitetar for ungdom. Det kan gjerast mykje lokalt i nabolaga. Også Sotra Arena kan nyttast til ulike aktivitetar og arrangement.

Nytt tilbod frå ODEON Kino Sotra

Tidlegare nestleiar i ungdomsrådet Eivind Økland og ein kollega Alex Robert på ODEON Kino Sotra gav informasjon om eit nytt kinotilbod retta mot ungdom. Det er etablert ein komité med to medlemer frå kvar ungdomsskule. Komitéen får vera med og påverka val av film, dato og pris. Tilbodet «Ungdomskino på ODEON» er eit rusfritt tiltak og startar opp med første visning fredag 29. mai.  

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke