- Dialog med kommunen er viktig

På fredag hadde Øygarden kommune møte med leiinga i Skyss.
- Vi prioriterer slike møte, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.

Frå venstre; mobilitetsrådgjevar Christoph Beidenhauser (Øygarden kommune), ordførar Tom Georg Indrevik, direktør Målfrid Vik Sønstabø (Skyss), seniorrådgjevar Martin Tvedt (Skyss), kommunalsjef for Samfunnsutvikling Silje Haukedal (Øygarden kommune) og spesialrådgjevar eigedomsutvikling Råmund Skjold (Øygarden kommune). - Klikk for stort bileteFrå venstre; mobilitetsrådgjevar Christoph Beidenhauser (Øygarden kommune), ordførar Tom Georg Indrevik, direktør Målfrid Vik Sønstabø (Skyss), seniorrådgjevar Martin Tvedt (Skyss), kommunalsjef for Samfunnsutvikling Silje Haukedal (Øygarden kommune) og spesialrådgjevar eigedomsutvikling Råmund Skjold (Øygarden kommune).

Det fylkeskommunale selskapet for mobilitet og kollektivtrafikk i Vestland har som ei av oppgåvene ansvar for å planleggja og utvikla linjenett og rutetilbod. 

Bakgrunnen for møtet var mellom anna varsla trafikkutfordring knytt til omlegging av trafikken ved Storavatnet denne hausten.

- Dialog med kommunane gjev oss verdifull kunnskap vi får bruk for i planlegging av ruteopplegget. Vi er opptekne av å ha felles forståing og finna løysingar innanfor dei økonomiske rammene vi har, seier Målfrid Vik Sønstabø.

Ordførar Tom Georg Indrevik ser også stor nytte med å ha dialog med Skyss. På møtet minna han om at det framleis er eit ønske om å ha direkte arbeidsrute mellom Straume og Haukeland universitetssjukehus. Skyss har dei siste åra teke vekk fleire arbeidsruter og kunne ikkje på møtet gje signal om at ruta mellom Straume og sjukehuset vil verta gjenoppretta.

Ordføraren seier at det er nyttig å ha ein løpande dialog med Skyss for å drøfta felles utfordringar.

- Det er avgjerande at Skyss vert tilført ressursar for på den måten å kunna tilby endå betre løysing for dei som nyttar kollektivtransport, seier Tom Georg Indrevik.

Tema på møtet utover trafikkutfordringar og ruteopplegg fram til nytt sotrasamband opnar, var bruk av den nyopna Arenavegen, omkøyring i Bildøybakken og trafikk i Landrodalen.

Skyss orienterte om reisestatstikk for dei mest sentrale rutelinjene mellom Øygarden og fastlandet. På nokre ruter er det knapp kapasitet, men i det store og heile er det bra kapasitet. Det er sett av 15 millionar kroner ekstra i belønningsmidlar for å utbetra rutetilbodet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke