Stafettleiar Geir Knarvik Fjeldstad og ordførar Tom Georg IndrevikIfølgje Kreftforeningen har det aldri vore arrangert eit så stort tilsvarande arrangementet andre stader i Europa.
Etter starten klokka 12 på laurdag har 2 300 deltakarar sprunge eller gått rundt banen på Ågotnes stadion. Det har vore ei lang rekke minikonsertar, lysseremoni, lystog, morgontrim, appell og ulike opptrinn. Sponsorar har kransa heile banen med eigne postar.
- Det har vore eit døger med enormt mange kjensler. Latter, tårer, glede, sakn har omfamna kvarandre i eit stort samhald blant alle som har vore til stades. Eg er audmjuk og takksam over å få vera ein del av eit slikt arrangement, seier Geir Knarvik Fjeldstad.
Han seier at han er stolt på vegner av lokalsamfunnet og det frivillige arbeidet i Øygarden kommune.
- Tusen takk til kommunen for lånet av eit praktfullt anlegg. Å få lov til å arrangera stafett for livet på Ågotnes betyr mykje for mange. For nokre betyr det alt, seier han.
Han lovar at det vert arrangert stafett for livet også i 2026.
- Då vert det endå fleire som tek del i det fantastiske fellesskapet og samhaldet vil alle har kjent på, seier Geir Knarvik Fjeldstad.
Her er fleire bilete:
Tekst/red.: Vigleik Brekke
Foto: Geir Knarvik Fjeldstad og privat