- Dette gav oss nyttig lærdom
Tysdag og onsdag denne veka gjennomførte store industriaktørar, naudetatane og Øygarden kommune ei beredskapsøving saman.
- Øvinga hadde som mål å gjera aktørane betre i stand til å forstå rollene, ansvaret og oppgåvene til kvarandre, seier beredskapssjef i Øygarden kommune, Geir Knarvik Fjeldstad.
Frå skrivebordsøvinga tysdag.Øvinga omhandla gasseksplosjon/brann, evakuering på Kollsnes prosessanlegg med alvorlege konsekvensar for personell. Øvinga var eit samvirke mellom Gassco, Equinor, Øygarden kommune, politiet, helse og brann.
På tysdag vart det gjennomført ei skrivebordøving (tabletop), medan det dagen etter vart gjennomført ei fullskala øving. Målet var å trena varsling, etablera felles situasjonsforståing, samhandling, kommunikasjon og handtering av media.
Deltakarar frå Øygarden kommunePå den ordinære øvinga på onsdag vart det sett krisestab (KKL) i Øygarden kommune.
- Eg opplevde dette som to svært nyttige dagar. Det er alltid lærdom å ta med seg frå slike øvingar. Øvinga viste kor viktig samvirkeprinsippet er i alt beredskapsbeid. Vi fekk mykje å byggja vidare på, seier Geir Knarvik Fjeldstad.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Publisert 01.10.2025 19.45