Meklinga i kommuneoppgjeret enda med semje natt til fredag. Dermed vart det ikkje streik i kommunal sektor.

KS (fellesorganisasjon for kommunane) har dei siste dagane mekla med dei fire hovudsamanslutningane LO Kommune, Unio, YS Kommune og Akademikarane kommune. Desse representerer 39 forbund og nær 100 yrkesgrupper.
Kommunedirektør Johnny Breivik er glad og letta for at det ikkje vart streik.
- Det viktigaste er å finna løysingar i forhandlingsrommet. På denne måten opprettheld vi tenestetilbodet for innbyggjarane, seier han.
Les meir på nettsida til KS.
Publisert 29.05.2026 08.37