- Det var nok katten som redda meg

Hans Jarle Einarsen gler seg over at han lever. Det var nære på i september 2022 då han vart ramma av hjarteinfarkt. Det gjekk heldigvis godt. 

Hjartestartaren er plassert like ved idrettsbanen på Skålvika.  Sturla Halleraker (til venstre) og Hans Jarle Einarsen håpar alle kursa vert fullteikna - Klikk for stort bileteHjartestartaren er plassert like ved idrettsbanen på Skålvika. Sturla Halleraker (til venstre) og Hans Jarle Einarsen håpar alle kursa vert fullteikna.

Onsdag kveld står han ved sida av hjartestartaren på Skålvika. Saman med leiar i idrettsrådet Sturle Halleraker står han som nestleiar i bresjen for 20 hjartestartarkurs i regi av Røde Kors Førstehjelp.

Alle idrettslaga er kontakta av idrettsrådet, og no håpar Hans Jarle og Sturle at mange tek kontakt og nyttar seg av gratistilbodet om kurs. Ordførar Tom Georg Indrevik var ein av dei som gjennomførte det første kurset onsdag kveld som vart halde i regi av Nest-Sotra. Kurshaldarar var Marianne Måge og Steffen Aarreberg frå Røde Kors Førstehjelp.

- Kva er det første du skal finna fram om du som sjåfør kjem fram til ein ulukkesstad? spør instruktør Marianne.

- Den gule vesten, er svaret frå ein av deltakarane. 

Og det var korrekt. Det er viktig å hugsa på eigen tryggleik i slike krisesituasjonar. Marianne minna også om at vi har varslingsplikt i Noreg.

I løpet av kort tid håpar idrettsrådet at trenarar og andre som har oppgåver i idretten i Øygarden deltek på eitt av dei nært føreståande 20 hjartestartarkurs med førstehjelp.  Gjennom prosjektet «Førstehjelp til hjartestartaren» har Sparebanken Norge sponsa hjartestartarar og utandørsskap for å sikra at dei alltid er tilgjengelege, fungerande og klare til bruk når liv står på spel. Les meir om prosjektet her.

Instruktørar frå Sotra Røde Kors Hjelpekorps var Marianne Måge og Steffen Aarreberg - Klikk for stort bileteInstruktørar frå Røde Kors Førstehjelp var Marianne Måge og Steffen Aarreberg.

Kom seg til sjukehus tidsnok

Hans Jarle skulle passa ein nabokatt den natta han vart ramma av hjarteinfarkt. Katten pirka i han og fekk han vaken.  

- Eg var elles åleine i huset og kjende på smerte i venstre arm. Eg ringde 116117 og kom meg til legevakta på Straume. Derifrå gjekk vegen rett til Haukeland. Tre blodårer var tette. Det var nok katten som redda meg, fortel han.

Med 20 maratonløp bak seg må Hans Jarle reknast blant dei spreke og ingen typisk «kandidat» til å verta ramma av hjarteinfarkt. Det minner oss om kor viktig kunnskap om førstehjelp er.

Sturla Halleraker er oppteken av at trenarar og andre som har oppgåver i idretten får kunnskap om både førstehjelp og bruk av hjartestartar. På Skålvika er hjartestartaren plassert sentralt like ved idrettsbanen.

- Kunnskapen dei får på eit kurs som dette, har dei alltid med seg. Det kan brått skje på jobb, på idrettsbanen eller andre stader at det vert bruk for førstehjelp og hjartestartar. Vi håpar at med 20 kurs vil 400 i idrettsmiljøet ta dette kurset. Det er berre å ta kontakt, seier Halleraker.

Ifølgje Marianne Måge er det mange hjartestartarar i Noreg som ikkje er registrerte.

- For å sikra raskast mogleg hjelp, er det svært viktig at alle hjartestartarar vert registrerte på hjertestarterregister.113.no, seier ho.

Styreleiar i Nest-Sotra, Steinar Elverum, seier at idrettslaget fekk hjartestartaren for eitt eller to år sidan.

-Vi fekk no også spørsmål om vi ville arrangera kurs. Dette er eit kjempebra og viktig tiltak, seier han.

Les meir om førstehjelp her ( ekstern lenkje, Røde Kors)
 

Her er fleire bilete frå kurset:

pocketmask m/enveisventil og filter - Klikk for stort bilete
Frå kurset - Klikk for stort bilete
Frå kurset - Klikk for stort bilete
Hjartestartaren på Skålvika - Klikk for stort bilete
Frå kurset - Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Vigleik Brekke