- Det må aldri skje igjen

Det var godt oppmøte på dei sju markeringane som vart gjennomførte på frigjerings- og veterandagen i år, 8. mai.
- Det er viktig å læra om krigen. Dette må aldri skje igjen, seier Mathias Dale (7. trinn) som saman med Olav Glesnes Mæland (7. trinn) la ned krans på minnestøtta i Telavåg.

Framfor minnestøtta i Telavåg. Orlogskaptein Eivind Engelsen, major Steffen Sande, Olav Glesnes Mæland (7. trinn Spildepollen skule), Mathias Dale (7. trinn Spildepollen skule), ordførar Tom Georg Indrevik og leiar på Nordsjøfartmuseen, Jenny Heggvik som leia arrangementet i Telavåg. - Klikk for stort bileteFramfor minnestøtta i Telavåg. Orlogskaptein Eivind Engelsen, major Steffen Sande, Olav Glesnes Mæland (7. trinn Spildepollen skule), Mathias Dale (7. trinn Spildepollen skule), ordførar Tom Georg Indrevik og leiar på Nordsjøfartmuseet, Jenny Heggvik som leia arrangementet i Telavåg.

Det var markeringar ved Hjelme kyrkje, Blomvåg kyrkje, Fjell kyrkje, Fjell festning, Kausland kyrkje og Klokkarvik kyrkje i tillegg til ei større markering i Telavåg. 

Markeringa i Telavåg var eit samarbeid mellom Museum Vest, veteranforeininga og Øygarden kommune. Elles var Sotra og Øygarden Forsvarsforening medarrangør på fleire av markeringane. 

- Ikkje utan ein pris

Ordførar Tom Georg Indrevik sa på markeringa i Telavåg at vi denne dagen heidrar dei som sette livet på spel i kampen for fridomen vår i dei fem lange okkupasjonsåra frå 1940 til 1945.

Ordførar Tom Georg Indrevik talte ved markeringane i Hjelme, Blomvåg (biletet), Fjell kyrkje, Fjell festning, Kausland kyrkje og i Telavåg. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik talte ved markeringane i Hjelme, Blomvåg (biletet), Fjell kyrkje, Fjell festning, Kausland kyrkje og i Telavåg.

- Her i Telavåg fekk krigen katastrofale følgjer. Eg trur ikkje nokon kan førestilla seg kva innbyggjarane her gjekk gjennom i aprildagane i 1942. Det er viktig å hugsa at fridomen vi nyt i dag ikkje kom utan ein pris. Vi må aldri gløyma dei som ofra alt for at vi skulle leva i eit fritt og demokratisk samfunn, sa ordføraren.

Han sa at denne dagen bør vi bruka til å reflektera over verdiane som bind oss saman som nasjon; fridom, demokrati og menneskeverd.

- Det er også viktig å hugsa at denne dagen skal minna oss om veteranane som har tenestegjort i Forsvaret, sa ordføraren.

- Vi må læra om krigen

Mathias Dale og Olav Glesnes Mæland frå 7. trinn på Spildepollen skule fortel oss at dei har lært om krigen på skulen og særleg det som skjedde i Telavåg.

Mathias Dale (til venstre) og Olav Glesnes Mæland. - Klikk for stort bileteMathias Dale (til venstre) og Olav Glesnes Mæland.

- Det er viktig å få med oss krigshistoria. Vi har lært om kva som skjedde her og kva dette gjorde med Telavåg-folket, seier Olav.

- Mennene vart sende til fangenskap, medan kvinnene og barna vart sendt til Framnes i Hardanger. Det er viktig at det som skjedde for over 80 år sidan ikkje må skje igjen, seiser Mathias.

Frå markeringa ved Sund kyrkje , Klokkarvik - Klikk for stort bileteFrå markeringa ved Sund kyrkje , Klokkarvik

Motstanden levde

Orlogskaptein i Sjøforsvaret, Eivind Engelsen, sa at det som skjedde her var noko av det mest tragiske som skjedde under krigen. Han fortalde konkret om kva som skjedde i hemneaksjonen etter at to gestapomenn vart drepne i ei trefning. 

- For 83 år sidan vart bygda lagt i ruinar. Men her levde motstanden, og dei nekta å akseptera undertrykkinga. Dei risikerte alt. Her ute er dette både krigshistorie og familiehistorie. Men Telavåg vart bygd opp igjen, sa han.

Major Steffen Sande (INTOPS-veteranane, HV-09) heidra veteranane som har ofra mykje for fridomen. 

- Dette er både ein frigjeringsdag og ein veterandag. Veteranane har gjennom utanlandsteneste vore gjennom tunge fysiske og psykiske påkjenningar. Frigjeringa var eit resultat av innsatsen til dei allierte i heile Europa. Eg har møtt krigsheltane Joachim Rønneberg og Gunnar Sønsteby. Det som sit igjen etter møtet med desse, er at vi aldri må gløyma. Vi må vidareføra historia, sa Sande.

Ved Fjell festning hadde både ordføraren og leiar av Sotra Forsvarsforening, Tor Glistrup, ordet.

Glistrup minna om at Europa er i krig og at det er behov for å rusta opp forsvaret. 

- Vi var ikkje førebudd då krigen starta. Vi må rusta opp for å sleppa å oppleva dette igjen. Aldri meir 9. april. Eg vil takka kommunen som har desse markeringane kvart år, sa Glistrup.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå markeringa ved Sund kyrkje , Klokkarvik - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke og privat (Klokkarvik)