Ordførar Tom Georg Indrevik klipte snora. Til venstre; eigedomsutviklar i Solsio Utvikling, May Britt Hevrøy, og til høgre anleggsgartnar Aksel Lillebø.Denne turvegen og trappa er ei delstrekning på Straumsallmenningen. For å finna turstien og trappa, er det lettast å gå inn like ved Marens hjørne i Grønamyrvegen. På toppen er det flott utsikt over Straume.
Målet er å laga ein tydeleg gangveg mellom Straume Sjøfront og Straumsfjellet.
- Dette er planlagt over mange år og går tilbake til byromsstrategien frå planen i 2006/2007. Dette er den første sherpatrappa i Øygarden og vert ei perle for folk. Eg vil retta ei stor takk til utbyggar og entreprenør som har lagt sjela ned i dette arbeidet, sa ordføraren.
Trappa er laga i eit krevjande terreng.På toppen er det eit flott utsiktspunkt med steinbord og skilt som viser retning og avstand mellom lokale, nasjonale og internasjonale destinasjonar.
Det er anleggsgartnar Aksel Lillebø som har bygd trappa som har 40 trappetrinn. Det er også sett opp 38 lys som gjer det lettare å koma seg fram når haustmørket kjem
- Det er kanskje litt upresist å kalla det sherpatrapp. Det er ikkje bygd av sherparar som brukar stein frå utbyggingsområdet utan dei hjelpemidlane vi har. Her har vi brukt Altastein og hatt maskinell hjelp, seier Lillebø.
Han vil ikkje skryta på seg at han har vore på opplæring i Nepal.
- Men eg har vore på Ulriken og sett korleis sherpatrappa er bygd, seier han.
Denne delen av turløypa er knytt til utbygging i området gjennomført av Solsio, eit selskap eigd av Kåre Bjorøy Holding og Liegruppen.
-Dette er ein del av ein utbyggingsavtale mellom kommunen og Solsio og er ei oppfølging av kommunedelplanen frå 2006. Kostnaden med trappa og turstien er om lag fire millionar kroner, seier eigedomsutviklar i Solsio Utvikling, May Britt Hevrøy.
Turstiar på toppen (Varden)Denne trappa og turstien, som har vore tilgjengeleg for bruk i fire veker, er altså ein del av Straumsallmnningen som bind saman offentlege plassar, opphaldsareal og rekreasjonsområde. Sotraplassen, miljøgata Grønamyrvegen og Grønaplassen er døme på delprosjekt som er på plass.
Sherpatrappa til Varden er ein del av eit offentleg friområde. Neste steg i prosessen er eit Miljøløfte-prosjekt der ein skal etablera ei kopling mellom Bildøyvegen/Ankerhagen og Gjertrudvegen. Det er venta byggjestart i 2027.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke